Stor, lita gåvepakke til leseglade og skrivelystne

(foto: Muhamad Agil / iStock)

ANMELDT: ”Å skrive er kvar gong å gå på ein endelaus kyrkjegard der kvar grav ventar på å bli opna.” Med denne blandinga av melodrama og skyhøge krav til litterær kondisjon og substans drøftar Elena Ferrante dei store motsetnadane ho har funne og utfordra – både som lesar og forfattar.

Boka er ei samling av tre føredrag, skrivne på oppdrag for eit publikum av ikkje-spesialistar. Tekstane vart framført av ein skodespelar i november 2021, som ei såkalla Umberto Eco-førelesing ved Universitetet i Bologna. Den siste delen av boka er eit essay, Dantes ribbein, der Ferrante tek for seg skaparprosessar og kjønn generelt, og meir spesifikt rollene det feminine og det maskuline har tildelt kvarandre i litteratur og samfunn.


Elena Ferrante:
Innanfor margane – Om gleda ved å lese
Sakprosa
Samlaget
101 sider
Oversatt av Kristin Sørsdal

Bur som set fri

På mange vis er boka ei ekstra fin gåve til forfattarar, både dei som lik Ferrante har ein stor lesarskare og dei som kan kallast forfattarspirar.  Mellom desse permane vil dei finna gode vekstvilkår. Skildringane av eigne lesegleder og refleksjonar er varme, og skin nytt lys på ”pensumlitteratur” mange kanskje aldri oppsøkte på nytt. Ferrante gjødslar rikt frå eiga erfaring, og er heller ikkje redd for å væta teksten frå sitt oppkome av fyndsetningar: ”Ein må gi avkall på tanken om at det å skrive er på mirakuløst vis å frigjere ei eiga stemme, eit eige toneleie. ”

Som i den meir utfyllande boka Frantumaglia  i 2016 gir Ferrante i desse føredraga døme på korleis ho vrangsnur tankerekkjene sine, og finn at det både kan underbyggje og rasere byggverket ein tekst er. Ho trivst innanfor ”buret” margar, stil og form gir – men veit ho må bruka det for å bli ekte fri og sann som skribent. Ho stør seg til Dante i dette, som ho meiner arbeidde ut ifrå innsikta om at all form var eit forgjengeleg, men nødvendig bur, om ein hadde ambisjonar om å skrive slik ingen andre skreiv.

Ho som skriv om ho som skriv om ho som skriv om …

Det er også spanande å få innblikk i korleis lesinga av til dømes Gertrude Steins sjangerkryssande og sjølvbiografiske Alice B. Toklas’sjølvbiografi forma Ferrantes fire romanar om Elena og Lila sin oppvekst og mogning, den såkalla Napolikvartetten. Det tekniske forteljargrepet og utgangspunktet er likt, forfattarstemma vil skape ein litterær fiksjon av historiar som flettar seg inn i kvarandre og rører svært nært ved ulike menneskeliv og lagnader.

Ferrante meiner at den einaste måten å skildra noko eller nokon rett, er å prøva granska si eiga sanningsversjon også gjennom andre sine auge. Denne svært lite knausgårdske tilnærminga meiner ho må til for å kunne koma litterært tett på. Refleksjonane kring dette er ei av mange sjølvmotseiingar tekstane drøftar på augeopnande vis.

Ein ekstra dimensjon blir lagt til, fordi personen bak Ferrante-psevdonymet i tillegg har snurra denne meta-karusellen endå ein runde.  Språket er uansett svært attkjenneleg frå romanane. Litt skjelvent kan det likevel bli når drøfting av oversetjingar og nyansar i ord er eit viktig tema i teksten, slik at ein må overgje seg i hendene til også fleire oversetjarar enn forfattaren og den alltid reintsyngjande Kristin Sørsdal.

Opprop om kvinnesamband

Som ungjente droppa Ferrante bøker skrivne av kvinner, ho følte at ho hadde mykje høgare ambisjonar. I denne tekstsamlinga hyllar ho fleire, men seier implisitt at kvinner framleis ikkje har nådd opp. Svaret hennar er likevel ikkje å nedvurdera sjangrar, og ha berøringsangst for dårleg språk.

”Om litteratur skriven av kvinner skal oppnå ei eiga, sann skriving, trengst arbeidet til alle. Vi må i lang tid gi avkall på skiljet mellom dei som skriv bøker i mellomsjiktet, og dei som skaper uunngåelege verbale univers. Stilt overfor det dårlege språket som historisk sett ikkje er berekna på å ta imot sanninga vår, må vi slå saman og blande talenta våre, ikkje ei linje skal gå tapt i vinden. ”

Med denne vesle boka har ho i alle fall styrka både skrivelyst og lesevilje, som byggsteinar til det kvinneavdelinga på det Parnasset Ferrante sjølv drøymer om for framtida. For denne lesaren sin del er årets julegåve til både utvalde kollegaer og bokring-venninnene allereie i boks.

MAY GRETHE LERUM