Solide Skald-tal

Skald AS vart skipa i 1991 av Jon Skjerdal og Lars Nes, men første utgivning kom i 1993. Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet i Leikanger.

Rekneskapsåret 2022: Leikanger-forlaget Skald omsette i fjor før nær 10 millionar kroner. Driftsresultatet summerte seg samstundes til eit overskot på  solide 1,7 millionar.

Gratulerer forlagssjef Simone Stibbe.

Forlagssjef Simone Stibbe

– Takk. 2022 var nok eit godt år for Skald. Våren var prega av bøker som gjorde det svært godt i bokhandelen. Det vart rett og slett ein suksessvår for oss i fjor, men også hausten gjekk fint med bøker som Sidereventyret, Søvn og Mur, far og dotter som var ein medieyndling. Vi gav også ut vår 20. klassikar i den etter kvart godt etablerte serien vår. Eit utval av tekstar av portugisaren Fernando Pessoa kom som ein hyllest til heile serien som blei til i Lisboa i Portugal våren 2016.

– Bestseljarar på løpande band?

– I påska tikka det plutseleg inn mange ordre. Det eg trudde var responsen på påskesalskampanja vår, viste seg å vere bestillingar av Prosessen av Franz Kafka. Aldri før har ein klassikar frå oss vore så populær, den låg til og med fleire veker på bestseljarlista, og den sel framleis godt. Problemet var berre at etterdønningane frå pandemien tok form blant anna som ei papirkrise, som stod på som verst akkurat den våren, og vi hadde måtta halvere førsteopplaget.

Ikkje mange vekene etter Kafka kom Bortom allfarveg Vestlandet, og så i mai Skjulte perler i Sunnmørsalpane, to inspirerande reisebøker som også låg på bestseljarlistene i fleire veker. At tre titlar gjer det så godt er ganske uvanleg. I tillegg fekk Dyrk-bøkene til Maria Berg Hestad ein ny vår.

Og i år blir det å feira jubileum?

– Ja, i år feirar forlaget 30 år, og det skal markerast med ope hus og stor feiring i september. Forlaget har blitt vaksent og funne seg sjølv, noko vi synest viser igjen i utgjevingane våre. Nett som ein åndeleg 30-åring som har festa seg gjennom 20-åra, prøvd seg litt her og litt der, og no landar godt på begge bein. At det å vere eit nisjeforlag også kan bety at ein slumpar til med nokre bestseljarar, er eit godt døme på at det er viktig å tenkje langsiktig når ein driv med forleggari. Vi har heldt på kjerneverdiane våre over tid, og kanskje også blitt meir det nisjeforlaget som trengs i bokfloraen.

– I 2022 forsterka vi også satsinga på klimanøytral produksjon. Det er eit steg vidare i vår satsing på kvalitetsutgivingar. Når ein klarar å produsere bøkene klimanøytral og samstundes i kvalitetstrykk og god innbinding slik at dei varer lenge, blir ein vinn-vinn-situasjon. At lesarane får kvalitet både i innhald og form er vesentleg i vårt arbeid, og det er også fint for forfattarane å vite at bøkene deira vil vare.

– Kva titlar har de på beddinga i jubileumsåret?

– Klimavennleg kvalitet blir det også i 2023. For eit lite forlag er det krevjande å stikke fram i ein travel bokhaust, og då er det fint å vere synlege på våren. Det er vi i år som i fjor. Mottakinga av Maria Berg Hestads Matauk med pallekarm, som kom ut i slutten av mars, var overveldane: Førsteopplaget på 5 000 bøker vart utseld i løpet av to veker, og boka toppa Boklista frå første veka ho var ute.

Vi har ei sterk klassikarliste i år også, og Geir Pollen si omsetjing av Lev Tolstojs Då Ivan Iljitsj døydde har alt hausta svært gode kritikkar, medan to andre spennande titlar ligg på lur. Vi plar ikkje røpe kva som kjem, men den neste er klar i månadsskiftet mai-juni og er ei lita oppdaging.

– Og til hausten?

– Utpå hausten skal Gunnar Garfors nok ein gong inspirere oss til å reise innanlands, denne gongen vil han vise austlendingane at dei ikkje treng å reise langt for å finne fabelaktige opplevingar, alt handplukka og samla i Bortom allfarveg Austlandet. Og tindejaktar Pål-Are Vadstein følger opp Sunnmørssuksessen med ei ny bok, denne gongen om toppturar på ski i same området.