Solid behandla og forankra

Edmund Austigard er administrerende direktør i Det norske samlaget og leder av Den norske forleggerforening. (foto: Samlaget)

DEBATT: Bok365 har forsøkt å skape eit bilde av splitting internt i foreininga i denne saka, skriv Edmund Austigard.

Forleggarforeininga klargjorde sitt syn på royaltysaka i Bok365 for ei tid tilbake. Sidan har Bok365 vore arena for eit ordskifte om normalkontrakten frå 2009. Den er ikkje lenger god nok og opnar for eit tolkings- og moglegheitsrom som er teke ulikt i bruk. Så langt eg forstår er både forleggarforeininga og forfattarorganisasjonane einige om at normalkontrakten treng tydeleggjering og oppdatering.

Eg opplever vidare at Bok365 sjølv har forsøkt å skape eit bilde av splitting internt i foreininga i denne saka. Vinklinga av saka søker å få fram at eg som leiar av Samlaget handlar mot mine eigne anbefalingar i rolla mi som styreleiar av forleggarforeininga. Det er feil. Anbefalinga forleggarforeininga gjekk ut med er solid behandla og forankra i dei rettmessige organa i Forleggarforeininga. Administrasjonen har mi fulle støtte, eg har sjølv vore med i behandlinga og eg står sjølvsagt også fullt ut bak anbefalinga. Eg kan heller ikkje sjå at Samlaget sin praksis skulle vere i konflikt med anbefalinga frå forleggarforeininga, og om den så var, er anbefalinga ei anbefaling ikkje eit diktat.  Anbefalinga er foreiningas beste tolking av avtaleordlyden i normalkontrakten og basert på praksisen som er etablert sidan 2009 når normalkontrakten blei inngått. Foreininga har i underkant av 100 medlemmer med svært ulik profil.  Når det gjeld realisasjonsbestemmelsen i normalkontrakten meiner forleggarforeninga at kontrakten berre kan forstås på ein måte: Når boka bli selt på realisasjon, til sterkt redusert pris, skal royaltysatsen avkortast i takt med prisreduksjonen, og royaltygrunnlaget må vere den faktiske utsalsprisen. At nokre medlemsforlag har latt vere å gjennomføre slik royaltyavkorting, betyr ikkje at dei trekker ordlyden og intensjonen i normalkontrakten i tvil, men at dei av praktiske eller andre årsaker har latt vere å realisere bøker. Normalkontrakten pålegg ingen å gjennomføre realisasjonssal. Det er ikkje ein gong relevant for alle å gjennomføre realisasjonssal. For Samlaget sin del er ein viktig del av samfunnsoppdraget å halde nynorskporteføljen i sirkulasjon, og eg uttalte meg derfor heller ikkje om realisasjonssal. Forleggarforeininga har lenge ønska å oppdatere normalkontrakten saman med forfattarorganisasjonane. Slik eg forstår forfattarorganisasjonane er det ønske gjensidig.

 

Edmund Austigard

Styreleiar

Den norske forleggerforening