Torunn Todal Laberg tilsett som ny marknadskonsulent i forlaget Skald.
– Eg brenn for formidling av kultur og historie både ute på tur med turistar og i bokform. Så for meg er dette ein perfekt kombinasjon, seier Laberg.
Torunn Todal Laberg (f. 1980) kjem frå stillinga som marknadsansvarleg for eit nettverk av reiselivsverksemder i Årdal. Ho har i tillegg bakgrunn som journalist, norsklærar og var tidlegare festivalsjef for Nynorske Litteraturdagar. Ho kombinerer arbeidet innan forlagsbransjen med drifta av Bulder & Brak Opplevingar, som tilbyr naturbaserte opplevingar til turistar og friluftsfolk.
Med sentrale tilsette ved marknadsavdelinga ute i permisjon og ei haustliste som lover ein travel bokhaust har forlagssjef Simone Stibbe sett behovet for å styrke marknadsavdelinga i haust ytterlegare.
– Torunn har mykje relevant erfaring både frå litteraturfeltet og med marknadsføring. Så dette er krutt, seier Stibbe.
Laberg byrja i stillinga tidleg i september