Rimbereid Festspilldikter

Øyvind Rimbereid blir Festspilldikter i Bergen 2015

I ettermiddag offentliggjorde Norsk Forfattersentrum hvem som blir Festspilldikter i Bergen 2015. Valget falt på poeten Øyvind Rimbereid.

 

Da kollegaen Pedro Carmona-Alvarez leste opp Rimbereids navn, brøt det ut spontan applaus på Litteraturhuset i Bergen der valget av Rimbereid ble offentliggjort. – Øyvind Rimbereid har mottatt et utall priser, sa Alvarez blant annet, og det har han helt rett i.

For to år siden ble Rimbereid også nominert til Nordisk råds litteraturpris. I begrunnelsen het det: «Rimbereid er ikke bare den mest nyskapende norske poet for tiden, men også den mest konkrete, den som tydeligst dikter om hele samfunnet, hele den sosiale tilværelse.»

rimbereid1

I en lang begrunnelse, titulert «Trådreiser Stavanger – Bergen» gjør Forfattersentrum rede for hvorfor valget av Festspilldikter falt på nettopp Øyvind Rimbereid.

«Ei trådreise er ei assosiasjonsrekke som blir til når ein beveger seg rundt på ein stad, lar seg trigge av observasjonar og minner, deler kunnskap og bilete, skapar ein samanheng, følgjer ein tråd. Er ei «trådreise» eit essay? Eller er det eit dikt? Trådreiser er namnet på Øyvind Rimbereids femte bok og andre diktsamling, utgitt i 2001, men det kunne vore namnet på fleire av dei andre diktsamlingane hans, eller på essaysamlinga frå 2006, Hvorfor ensomt leve? Kva for ein av dei to sjangrane har størst potensiale for å setje dagsorden, endre verda, bli tatt på alvor?

 

Eksistrer poesien berre som omsorg?

I eit essay om Georg Johannesens poesi og essayistikk, viser Rimbereid til at Johannesen var misnøgd med at han med sine dikt ikkje blei tatt nok på alvor som ein sakleg meiningsberar i si tid, og Rimbereid spør i essayet om poesien eksisterer berre som omsorg – «som en poetisk minimumsomsorg for verdens vindskeive kropper?»

I 2000 skreiv Øyvind Rimbereid om Stavanger i diktsamlinga Seine topografiar. Byen som har alt den treng, og som står og ventar på korleis forvandlinga skal kome til uttrykk, etter at Jesus «sklei i oljå». Både byen Stavanger og det å forstå si samtid er tilbakevendande motiv for Øyvind Rimbereids poesi og essayistikk. Korleis skal vi forstå oss sjølve i dag, med ein slik rikdom som så tydeleg har vist seg i oljebyen Stavanger?

 

Å høyre til i eit samfunn

Ein annan tråd å nøste i, er Rimbereids refleksjonar kring å høyre til i eit samfunn. Er det mogeleg å velje isolasjon? «Den døde har ingen ord. Ikke engang for sitt ingenting,» skriv han i essaysamlinga Hvorfor ensomt leve? Dyr kan heller ikkje sjå seg sjølv utanfrå, og når vi møter robotar i Solaris Korrigert, får vi høyre at dei er frie.

«DA dei lucki er.

ONLI dei veit det ne …»

Ein romantisk idé om å isolere seg frå samfunnstilhøyrsle og –ansvar, kan aldri bli det same som dyr og robotars uvitande eksistens. Rimbereid viser i skrifta si at medverknad til samfunnet er viktig for å oppretthalde humanisme, medverknad både som omsorg på individnivå, som fysisk og intellektuelt arbeid og som bidrag til vår felles oppfatting av kven vi er og skal vere som menneske.

 

To gongar Kritikerprisen

rimbereid2Diktsamlingane til Øyvind Rimbereid er demonstrasjonar av at tankar og refleksjonar høyrer heime i poesien, stadbunde med namn, dialekt og konstruerte fortids- og framtidsspråk. Rimbereid er den einaste samtidsforfattaren som fekk eitt av sine verk med på lista over dei 25 viktigaste bøkene i norsk historie. Han har ei rekke nominasjonar og prisar, og er den einaste poeten som har fått den høgthengande Kritikerprisen to gongar. Tekstane hans har følgt trådar ut av sitt eige format, mellom anna inn i Nathionalteaterets oppsetting av Solaris Korrigert i 2010 og samarbeid med Xploding plastix om eit musikalsk uttrykk til same diktsamling.

 

 

Unge skrivetalent

Ein annan tråd å følgje er Øyvind Rimbereid sitt litterære arbeid med unge skrivetalent. Han var lærar og undervisningsleiar på Skrivekunstakademiet i Hordaland i ei årrekkje, der han losa ei rekke unge skribentar på litterær veg. Frå nokre av desse er det lett å nøste trådar tilbake til Øyvind Rimbereid som inspirasjonskjelde.

 

I dag bur Øyvind Rimbereid i Stavanger. Det er ei stor glede å invitere han tilbake til Bergen, no som Festspeldiktar.»

 

De Litterære Festspill går av stabelen 21. -23. mai 2015.

 

 

-- annonse --