Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er tilsett som forlagsredaktør i Samlaget.
Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er tilsett som forlagsredaktør for barn og unge i Samlaget.
Jung Tjønn er ein vel etablert forfattar med fleire prislønte bøker. Han sitt i Det litterære råd for Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU), er litteraturkritikar i VG og redaktør for BLA (Bokvennen Litterære Avis).
– Noko av det viktigaste
Jung Tjønn er utdanna journalist og har tidlegare arbeidd i VG og NRK. Han kjem frå stillinga som seniorrådgivar og nettredaktør for kirken.no, nettsida til Den norske kyrkja.
-Å gi ut gode bøker på nynorsk for barn- og ungdom er noko av det viktigaste vi driv med Samlaget. Difor er vi svært glade for å ha fått med oss ein kapasitet som Brynjulf Jung Tjønn, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.
Les også: Ny sakprosaredaktør i Samlaget
(Foto: Samlaget)