På veg til eit møte ein heilt vanlig dag i august

(foto: istock)

LYRISK: Underfundige Øystein Hauge er en fargeklatt blant våre samtidslyrikere.

Hva er årsaken til at Øystein Hauge (f. 1956) fra Vegårshei i Aust-Agder, men nå bosatt i Fræna i Romsdal, er så verdsatt? Det holder ikke med én. Hovedårsaken er kanskje den at han helst melder seg på når han har noe på hjertet. Det har han – heldigvis – rett som det måtte være.

Før helga leverte han eksempelvis denne oppdateringen på sosiale medier:

«Norsk institutt for koronastrategier, utenlandskabler, rentebaner og forsvarspolitikk» har knytta til seg i overkant av éin million spesialrådgivarar. Dei fleste av dei har heimekontor og konto på Facebook.

Denne sensommerdagen i august henter vi Hauge med et nyskrevet lite dikt til førsteklassingenes skolestart.

Så lar vi lærerstreiken hvile på en stille søndag.

 

PÅ VEG TIL EIT MØTE EIN HEILT VANLEG DAG I AUGUST STOPPER EG VED EIT GANGFELT

eg køyrer sakte inn mot gangfeltet
før eg stopper heilt opp

dei skråler og ler og held kvarandre i
hendene sine to og to

det er midt på dagen og
klassen er bare éin dag gammal

heime er plastgravemaskinene og
dokkevognene parkerte for godt

læraren som danner baktroppen
løfter handa si som i ein takk no

sjølv om det er eg som skal takke
for nok ei påminning om denne

tida som går og der heile
ungeflokkane kvar haust parkerer

plastgravemaskinene og
dokkevognene sine for godt

 

ØYSTEIN HAUGE