På sjekker’n i jungelen

- Eg har alltid vore opptatt av dyr, men akkurat korleis dei sjekkar, har eg aldri lese noko om, sier påskens barnebokprofil Malin Hellebø.

Malin Hellebø er opprinnelig fra Lærdal, men bor i dag i Oslo. Hun er utdannet lærer, men har de siste årene blitt kjent som programleder for Dyrevenn på NRK Super. Nå kan hun også tilføye forfatter til CV-en, da hun denne våren debuterer med barnebok. Siden hun er så glad i dyr måtte boken nødvendigvis handle om nettopp det – men den boken som har gjort størst inntrykk på henne selv var Harry Potter.

 

Forfatter: Malin Hellebø

Aktuell med: Dyras beste sjekketriks (Samlaget)

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Fordi dyr har utruleg mykje rart og interessant føre seg og fordi det er veldig spennande å læra nye ting om dei. Eg har alltid vore opptatt av dyr, men akkurat korleis dei sjekkar, har eg aldri lese noko om. So då tenkte eg det var på tide å skrive ei bok om det.

Tre barnebok-favoritter:

Vaffelhjerte av Maria Parr, Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren og Gangster-Bestemor av David Walliams.

Sjekk ut:

Ollis av Ingunn Thon. Ei varm, spennande og morosam bok som vil få deg til å le høgt og kanskje gråte ein skvett. Pluss at du får møta ein karakter som heiter Borgny Ur, og det er ei sann gleda i seg sjølv.

Hvordan jobber du?

– Eg jobbar ofte i senga mi, anten veldig tidleg på morgon eller seint på kvelden. Men eigentleg har eg ingen faste rutiner.

Din egen favorittillustrasjon?

– Eg ELSKAR illustrasjonen av boa constrictoren i Den Lille Prinsen. Eller eigentleg er det to illustrasjonar, ein frå utsida og ein frå innsida. Frå utsida ser det berre ut som ein skeiv hatt, men eigentleg er det ein slange som har ete ein elefant!

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Eg hugsar veldig godt då den fyrste Harry Potter boka kom ut. Eg gjekk i fjerde klasse og læraren vår las høgt frå boka i matfri. Då vart det heilt stille i det ellers ganske bråkete klasserommet. Nokre dagar klarte eg ikkje slutte å tekje på Harry Potter og det magiske universet han levde i og eg skulle ønskja at eg også kunne gå på ein magisk skule.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Viss eg skal tøffa meg litt, so seier eg at eg helst ville møtt Hufsa i Mummidalen. Berre for å sjekka om ho faktisk er so skummel som folk skal ha det til. Eg ville nok tatt ho med på ein artig date. Kanskje spela curling eller ishockey.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg trur eg ville ha vore Mummi fordi han har so mange gode venner og fordi det skjer so mykje spennande i Mummidalen. Og fordi det då kanskje hadde vore lettare å møta Hufsa.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Den må ha gode skildringar som lagar bilete i hovudet. Den må ha karakterar som ein kan kjenna seg att i, som ein kan lika og som ein kan mislika. Ei god barnebok må også vera både vond og god, gjerne ei bok ein kan både le og gråte av.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– På eventyr med Potter, utan tvil!