Øyvind Vågnes har gått bort

Fotografi av Øyvind Vågnes (t.v) med sin redaktør Mattis Øybø er tatt av Janne Stigen Drangsholt på Litteraturhuset i Bergen, 2017.

Forfattaren Øyvind Vågnes (f. 1972) har gått bort. Dette melder forlaget Tiden i dag.

Forlaget Tiden skriv:

«Det er med stor sorg vi fekk meldinga om at Øyvind Vågnes har gått bort, etter kort tids sjukdom.

Øyvind debuterte på Tiden Norsk Forlag med romanen «Ingen skal sove i natt» i 2003. For hans andre roman «Ekko» (2005) blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. I alt vart det seks romanar på forlaget, sist den mangslungne, idérike og gripande «Ei verd utan hestar» frå 2022.

Øyvinds romanar er prega av det mennesket han var. Dei var alle idérike, undrande, fulle av augeopnande kunnskap, og ikkje minst av ei djup varme for karakterane han skapte. At livet kan ta overraskande vendingar gav Øyvinds romanar mange døme på, og dei sette lesaren i stand til å møte det som måtte kome med audmjuke og nysgjerrigheit. At hans eige liv skulle ende så tidleg, var derimot vanskelegare å vere førebudd på.

Det siste året var Øyvind i gang med ein ny roman. Han gjekk til arbeidet med same evne til å stille seg open for kva skrivinga ville føre til, som han alltid gjorde. Det vi fekk lese gav bod om ei stor forteljing, og vi såg fram til å lese vidare, diskutere idéane, finpusse setningane, vaske, korrekturlese og lage omslag, for så å lansere boka, og saman sukke over håplause kritikarar som ikkje har skjøna nokon ting, og glede oss over dei som faktisk gjorde det. Romanen hadde arbeidstittelen «Karibia», og skulle blant anna handle om ei øy, og i kva grad det er mogleg for eit menneske å trekkje seg attende frå verda. Men ein ting er bøkene, ein annan ting er livet. For ingen mann er ei øy. Alle som har møtt Øyvind, hans smil og venlegheit, hans kunnskapar og humor, veit det, og sorga vi kjenner i dag minn oss på kva plass han har i liva våre.

Vi tenkjer på den næraste familien hans, på Amund, Eskil og Birgit.

Øyvind Vågnes vil bli djupt sakna.» ❤