Ord over grind

Halldis Moren Vesaas

Lyrisk: Halldis Moren Vesaas

LYRISK: Fint å kunne sitte en stille søndag og ta inn over seg et av de vakreste diktene vi har. Diktet er skrevet av Halldis Moren Vesaas (1907-1995). Diktet handler om dyp og inderlig kjærlighet, men også om vennskap.

Ekteparet Tarjei og Halldis Moren Vesaas er bautaer i norsk litteratur. Ikke bare i kraft av den rike produksjonen de etterlot seg, men også i det at de på sin stillfarne måte utrettelig støttet, og skapte rom for, andre forfattere og kunstnere i inn- som utland. De giftet seg i 1934, bryllupsreisen gikk til Stjernarøy i Ryfylke «av di vi likte namnet så godt».

I et festskrift til hundreårsjubileet for Halldis Moren Vesaas skriver vennen Sigmund Skar:

I dei siste leveåra sine saman kom diktarparet i Vinje til å bli noko av ein norsk kulturinstitusjon, omgitt av ein takksam vørdnad som er mindre vanleg i vårt land. Det kom stendig ein straum av trykksaker frå Midtbø; men det var her tale om meir enn bøker og papir. Desse to menneska kom til å stå for ei heil livsholdning, som dei tydeleg åtte i lag, og som like tydeleg hadde ein bodskap til samtida. I alt dei sa og gjorde, var det noko ope, varmt og klokt som folk kjende, – noko realistisk spørjande og samstundes positivt, alvorleg og samstundes breitt tolerant, ein usekterisk radikalisme som også fekk med seg mykje av tradisjonelle verdiar, både i tanke og mål. Det var typisk at dei liksom sjølvsagt sameinte ei rotfast folkenorsk heimkjensle med det vidaste utsyn mot den store verda.

 

Ord over grind


Du går fram til mi inste grind,

og eg går og fram til di.

Innanfor den er kvar av oss einsam,

og det skal vi alltid bli.

 

Aldri trenge seg lenger fram,

var lova som galdt oss to.

Anten vi møttest tidt eller sjeldan

var møtet tillit og ro.

 

Står du der ikkje ein dag eg kjem

fell det meg lett å snu

når eg har stått litt og sett mot huset

og tenkt på at der bur du.

 

Så lenge eg veit du vil koma iblant

som no over knastrande grus

og smile glad når du ser meg stå her,

skal eg ha ein heim i mitt hus.

 

Halldis Moren Vesaas, I ein annan skog, (Aschehoug, 1955)
(Foto: Morten Krogvold)