LYRISK: Vår poetiske søndagspalte runder ti år. Vi markerer dette med noen få gjensyn. På denne tid i fjor feiret Aschehoug 150 år. I den anledning var denne gilde epistelen til å glede seg over.
Om å møte nokre Aschehoug-poetar.
Av Helge Torvund.
Eg har ikkje traska så mykje rundt i gangar og kontor i bygget til Aschehoug forlag, men ein del Aschehoug-forfattarar har vitja traktene kor eg bur, nokre av dei kom herifrå og andre møtte eg ved ulike høve medan eg budde i Oslo eller las opp på festivalar der eller andre stadar. Og heilt sidan eg byrja lesa poesi som bleik tenåring på Jæren, har Aschehoug-poetar vore godt representert blant dei som har betydd mykje for meg.
Frå min eigen generasjon vil eg først trekkja fram Jo Eggen, Torild Wardenær, Erling Kittelsen og Inger Elisabeth Hansen som nokre av dei eg har hatt stor glede av å følgja nøye opp gjennom åra. Men la meg nå byrja med byrjinga.
Som ung, forelska og poesiinteressert elev ved Bryne Gymnas vart eg ekstremt oppteken av dikta til Stein Mehren. Eg las Gobelin Europa, Tids Alder og Vind Runer og var frelst. Her fanst eit språk som opna for ei ny form for opplevingar og eit vidsyn som tangerte mi røyndomsoppleving. Og det gjekk som det måtte gå. Eg fekk trykt eit dikt på framsida av gymnasavisa Parolen. Eit dikt som var openbart og ekstremt påverka av Mehren sin skrivestil. Ein var ung, vågal og ukritisk nok til å publisera linjer som dette:
all den ømhet jeg bærer
legger som fallende snø
et skjulende lag av hvitt
på det tre som er din sjel
Dei nemnde diktsamlingane til Mehren står seg framleis i dag som noko av det sterkaste innan norsk lyrikk, medan mine famlande plagiat er best gløymde. Dei mektige samlingane Mehren publiserte i storformat seinare, stadfesta hans unike posisjon endå tydelegare. Men det byrja altså med dei bøkene for meg, og det å lesa mykje god lyrikk og læra meg dei ulike metodane førte etter kvart til at eg fann eller utvikla mi eiga lyriske røyst, og til slutt enda eg jammen opp som Aschehoug-poet sjølv.
I vaksen alder møtte eg Mehren av og til på festivalar og opplesingar der me begge var med, og eg snakka òg med han nokre gonger. Den siste perioden i livet hans, då han var sjuk, vart eg oppmoda av ein som brydde seg om han, om å ringa til Mehren. Og det gjorde eg. Han var då engasjert og ivrig, og framleis like dedikert og oppteken av å snakka om kva som skjedde i norsk poesi, sjølv om han ikkje fekk lese så mykje. Men røysta hans bar tydeleg preg av sjukdommen. Det var både fint og vemodig å snakka med han.
Så var det ein gong i denne perioden at fasttelefonen ringte heime på Ogna. Då eg tok den, høyrde eg straks kven det var. Med vanleg engasjert stemme, gjekk Stein Mehren rett på sak: «Hør på dette, Torvund!» Så las han opp ei svært vakker og lang diktlinje. På bokmål. Så spurte han alvorleg: «Har du skrevet dette?» Eg prøvde raskt å omsetja linja til nynorsk og sjekka arkivet i hjernen, og sa litt nølande: «Nei, det der trur eg med vissheit eg kan seia at eg ikkje står bak.» Då vart det stille ei stund. Så sa Mehren:
«Da må det være meg.»
Det er vel ein av dei finaste komplimenta eg har fått som lyrikar, og den bleike gymnasiasten langt der inne i meg, ville nok ha smilt breitt om han hadde visst.
*
I det vinteren slepte taket i år, vart eg køyrt heim av ein kompis etter ei undersøking på Stavanger Universitetssjukehus. Me køyrte då forbi huset der ein annan poet, ein av dei største Aschehoug-poetane nokon sinne, sat og skreiv på loftet i eit hus. Store delar av verket Haugtussa vart til nett der, på Torland, i utkanten av heimbygda mi; Nærbø. Då boka om den synske jenta Veslemøy som var basert på Garborg sine barndomsminne frå Jæren, kom ut i 1899, sette Edvard Grieg seg straks ned og komponerte Haugtussa-songane. «Tenk deg det», sa eg til kompisen min, «rett frå Torland til Troldhaugen!». Og dei songane vert framleis spela og sunge. Ein ung bonde med familie bur i dag i det huset der teksten vart skriven. Det er rart og fint å tenkja på at Arne Garborg sat der oppe på loftet og skreiv:
so lyt me stundom Lerka tru
Så strauk han ut den linja, og skreiv:
so vil me stundom Lerka tru
Så strauk han ut den linja- Og prøvde på ny:
me stundom òg maa Lerka tru,
Men heller ikkje nå var han heilt nøgd. Nytt forsøk:
so vil me Lerkesongen tru
«Nei!» Eg ser for meg at Garborg stryk seg tankefull gjennom det tynne håret og kikkar ut av loftsvindauget på landskapet utanfor. Ventar. Glor. Ventar.
Og så skriv han den versjonen som vart ståande:
So maa me Lerkesongen tru,
Som lovar Vaar.
Det er linjer som er gode å mumla når ein kjem heim frå ei slik undersøking som eg hadde vore på. Det er òg ei trøyst for oss poetar i det å vita at slike strofer som har vorte ståande og som kjennest som om dei aldri kunne ha vore annleis, likevel kan vera resultatet av eit famlande og søkjande skrivarsinn som feila og feila, og prøvde igjen, og ikkje gav seg før det endeleg sat der det skulle.
Det er forresten også gildt å vita at både Arne og Hulda, ho var òg Aschehoug-poet, budde på Hiorts pensjonat på Ogna, bygda der eg bur nå. Kva kan ikkje eit slik opphald ha inspirert dei to til av diktlinjer.
*
Ein Aschehoug-poet som var ein heilt annan type enn Mehren, men som eg like fullt fort kjende meg på bølgelengd med, var Finn Strømsted. Han møtte eg både i Oslo, heime hjå han sjølv på den ufatteleg idylliske staden hans i Kalvøysund på Sørlandet, og me møttest på Jæren. Det er ikkje så mange andre norske poetar eg har kjent som gjekk med kniv i beltet, men ein slik poet var Finn. Han var både frilufts-poet og pub-poet. Eg kunne uforvarande koma over han i ei sanddyne på Jæren, med skisseblokka og havhorisontar i blikket. Då inviterte eg han heim til «huset på prærien». Ikkje langt frå sandstranda leigde eg nemleg ein periode eit heilt hus der eg skreiv og såg ut på landskapet frå vindauge i alle himmelretningar. Finn var fødd i USA, hadde vore lærar i Finnmark, var oppteken av samisk kultur og av urfolk generelt. Han hadde vore lærar på ein samisk skule i Finnmark då han og Bodil Cappelen var nygifte. Eg arbeidde sjølv med gjendikting av songar frå nordamerikanske urfolk då han var innom huset på prærien. Me fann fort att den gode tonen me hadde hatt før om åra. Han fortalde meg at då mor hans, som på denne tida var 92 år, hadde høyrt at han skulle dra til desse kantane av landet, så hadde ho formant han med stort alvor: han måtte halde seg langt borte frå «Ruten», (som er det lokale namnet på rutebilstasjonen på Sandnes), for der hadde ho høyrt at det ferdast all slags farlege folk!
Finn Strømsted sine opphald på Jæren resulterte mellom anna i den nydelege boka «Jæren. Grenseland» der han på utsøkt vis sette saman eigne dikt, teikningar og grafikk. Eit av dikta går slik
William Turner
om du gjennoppstår, så
kom hit
når heirens måne
kaster grønnlig sølv
i Ogna å
Kulturelle referansar, visingar til andre språk og kulturar, han hadde vor på Island, Grønland, Færøyene, Shetland, Orknøyene, i Italia, Sør-Afrika og Mellom-Amerika, og ikkje minst ein nærleik til naturen kring seg, fylte Strømsted sine dikt. Noko som kjem utruleg fint fram i «Jæren. Grenseland», «Et liljevatn innenfor/det urolige Jærhavet,//som når kniver skjærer silke/er sivets lyd.» Og i det følgjande diktet glir naturen og kunsten saman:
Fortelleren og hans følgesvenn
dro til grenseland, til Jæren
til Orre og til Ogna.
Der skulle de arbeide med lyset, for
«tilværelsen har lyset som mål – »
De skulle traske i stein og sand,
gå bøyet i vinden i Rogaland
og få sand som materiale
i strandbildene!
Sand!
som forsiktige skygger i
lys-studiene –
Då Finn Strømsted døydde, skreiv eg eit minnedikt som vart prenta i Dagbladet. Det slutta slik:
du ler når du ser at skjegget ditt
har vorte ståande igjen her
som ei rand marehalm
på toppen av sanddynene ved storhavet
*
I tillegg til Stein Mehren var det det ein annan Aschehoug-poet som hadde ein heilt spesiell posisjon hjå oss som debuterte på 70-talet. Det var Paal Brekke. Og ikkje bare fordi han hadde utmerka seg med sterke diktsamlingar som Det skjeve smil i rosa, Granatmannen kommer og Aftenen er stille, men òg på grunn av hans redigering av antologiar og arbeid med å formidla poesi til lesarane, det at han han laga brevkurs i lyrikkforståing, var med i redaksjonen av Samtiden og Diktets venner, og redigerte den norske delen av dei flotte Nordisk Poetisk Årbok, og ikkje minst, fordi han var ein uredd og skarp hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Då debutboka mi, Hendene i byen, var ute i 1977, var eg alltid tidleg i kiosken og kjøpte Dagbladet for å sjå om det stod ei melding av boka mi ført i pennen av Paal Brekke. Og eg gløymer aldri den 4. oktober då eg steig av bussen på Torshov, på veg til min praksisplass som psykologistudent ved Torshov spesialskole. Eg gjekk bortom ein kiosk og kjøpte Dagbladet, slo opp på kultursida og der stod det øvst på sida, at i dag skriver Paal Brekke om en ny dikter å merke seg. Eg veit ikkje om debutantar i dag kan setja seg inn i korleis det var for meg å lesa at denne guruen skreiv: «Jeg finner en modenhet hos denne debutanten, så vel i menneskelig holdning som i språk, i formutnyttelse, som gjør at jeg setter et stort kryss ved Helge Torvunds navn.» Det var life changing!
Og så, det verkar som eit hav av tid seinare, fekk eg ei innbyding: om eg saman med Paal Brekke ville snakke om Kenneth Koch sin metode for å engasjera folk i diktskriving? Eg var på den tida psykolog ved PP-tenesta i Grimstad og hadde drive litt med undervising i kreativ skriving både for skuleelevar og vaksne. Eg takka ja, og Brekke og eg snakka engasjert til norsklærarar i lokala til Norli bokhandel i Universitetsgata. Etterpå gjekk me to på Casino, slik poetar gjorde på den tida, og drakk vin og snakka saman til dei stengde. Eg sa då til han ut på kvelden at eg tykte det var veldig rart at eg nå sat saman med han, som var den store og mektige lyrikkmeldaren i Dagbladet då eg debuterte, og at eg nå sjølv hadde byrja melda bøker i avisene. «Det synes ikke jeg er rart.» svarte han, som forståeleg var. Og som så ofte elles i slike samtalar, kom fokuset fort over på dagens diktsamlingar og poetar frå andre land. Det vart ein svært hyggeleg og ganske fuktig kveld. Det var kanskje like godt at eg ikkje visste at eg på 2000-talet kom til å overta den jobben Brekke hadde hatt, og vert hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet i sju feite år.
*
Ein annan av forlagets poetar som i likheit med Strømsted var både biletkunstnar og poet, var Arild Nyquist. Han møtte eg fleire gonger på Jæren, og han kom til Ogna for å bu i huset der Hiorts pensjonat hadde vore og for å arbeide med grafikk i verkstaden som biletkunstnaren Marit Bernhardsen leigde ut. Han og kompanjongen Gunnar Haugland hadde hjartevarmande og munter opplesing og performance i sidesalen i Ogna kyrkje som ligg like i nærleiken. Arild var ein utruleg produktiv forfattar og skreiv mange nydelege songar og dikt. Og han var ein hyggeleg fyr med glimt i auga, noko ein merkar i mange av dei finfine dikta hans. Men då eg møtte han, opplevde eg òg noko sårbart som fekk han i forsvarsposisjon, som om han aldri kunne vite heilt kven som var ute etter han. Det var noko som dirra der, og som av og til kom til uttrykk når han fortalde ting. Andre gonger var nok dette med på å laga både dikt og bilete.
Den siste gongen Arild Nyquist vitja Ogna og budde hjå Marit Bernhardsen, var det ein annan overnattingsgjest der også, nemleg Mia Berner. Ho var jo opphavleg frå Stavanger og ho likte seg godt på Jæren. Mitt inntrykk var at Berner hadde eit ganske intenst behov for å ha nokon å snakke med, medan Nyquist hadde mest lyst til å vera i fred for seg sjølv med arbeidet sitt. Denne klæsjen vart ikkje mindre tydeleg då Arild vart veldig sjuk, og det vart naudsynleg å ringja etter ambulanse. Mia Berner oppfatta ikkje så lett alle teikn på at folk trong å vera i fred, og sidan ho skulle til Stavanger Lufthavn same ettermiddagen, spurte ho om ho ikkje kunne få skyss med ambulansen, sidan dei skulle same veg. Ho vart himlande forbløffa då Nyquist resolutt avslo denne forespørselen og fekk hjelp til å skunda seg inn i ambulansen aleine.
*
Ein av dei mest fargerike poetane på Aschehoug nokon gong var Triztán Vindtorn. Også han var eg ein god del saman med i Oslo, mellom anna i poetgruppa Jolly Jumper, i fødselsdagsselskap hjå Terje Johanssen oppe på Gran, i heimen hans på Konnerud og når Vindtorn kom til Jæren. Ein gong me begge var invitert til opplesing på den idylliske staden Sogndalstrand, las me dikt for passasjerane i togkupeen på Jærbanen medan me var på veg til Egersund. Vindtorn vekte alltid mykje oppsikt bare ved å visa seg, og det var eit lite show i seg sjølv då han stilte seg opp breibeint i midtgangen med svart skinnbukse, jakke i svart og lysebrunt skinn, eit mektig stort halssmykke av rav og sine lange lyse lokkar, og las sine magiske og absurde linjer med melodisk og tordnande røyst. Folk sette pris på denne underlege figuren med den sterke autoriteten han utstrålte. På eit foto frå Sogndalstrand legg han armen om skuldra mi kledd i ei svart kappe som var verdig ein bard frå ei anna verd, som om han vil verna meg mot fornuft og trivialitetar.
Når me var i Oslo møttest me ofte på ein av dei mange stadane der dei serverte skaldemjød, og me kunne koma i glimrande oppløfta stemning, ikkje minst på ein sommardag med uteservering og sol og glade, lettkledde menneskefolk over alt. Ein slik dag var me på veg frå den eine staden betre enn den andre, og Vindtorn var i eit aldeles glimrande humør, glad over livet og lyset og surrealismens fabelaktige framtid, og plutseleg tok han meg ekstatisk i skuldra, stoppa oss begge der på fortauet, slo ut med den andre armen mot trea i Studenterlunden, fontenene, turistane og menneskemengda, og utbraut med sin berømte brummande baryton: «Men si meg, Helge, hvordan i all videste verden skal jeg makte å knulle alt dette?!»
HELGE TORVUND