Obstfelder og elektronisk musikk

no-nb_blds_ 2398

Det er noko av det du kan få med deg på Nasjonalbiblioteket i haust. No er heile programmet klart.

Språkhistorie og elektronisk musikk er tema i to nye arrangementsrekkjer i Nasjonalbiblioteket denne hausten. Det blir utstillingar om Obstfelder og om vår evige jakt på venleik, mens Dizzie Tunes og Eldar Vågan fyller kulturnatta. Og i serien «Fortidens folkelesning» fortel Henning Hagerup kva han finn hos nobelprisvinnaren Sigrid Undset i dag.

 

 

– Vi har gitt mykje plass til Sigbjørn Obstfelder sitt 150-årsjubileum denne hausten, både med ei stor utstilling og eit omfattande arrangementsprogram, seier programsjef ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven.

– I løpet av hausten kjem mellom andre Jan Erik Vold, Cecilie Løveid, Tore Rem, Vigdis Hjorth, Per Buvik, Anne Helene Guddal og Finn Skårderud for å snakke om viktige tema i Obstfelders liv og forfattarskap, fortel Kleven.

 

Les også: Jeg ser

 

Utstillinga «Sansen for det moderne» (30. september–3. desember) set gjennom eit rikt utval brev, skrivehefte, aviser, bøker og fotografi Sigbjørn Obstfelders tekstar om einsemd, reiser og storbyar inn i ein større historisk samanheng.

 

VigdisHjorthNY
Fortel om Obstfelder: Vigdis Hjorth

 

Kven vi er, og kvar vi kjem frå

I løpet av hausten møtast ein historikar og ein språkforskar til tre samtalar om viktige hendingar i norsk historie, og språket og skrifta si rolle i dei. 

Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson tek for seg Noreg og Island i mellomalderen. Agnete Nesse og Erling Sandmo fortel om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej ser på kva slags rolle språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet.

– I Nasjonalbiblioteket si samling finn vi heile den norske historia, fortald gjennom det som er trykt og skrive frå mellomalderen til i dag, seier Eline Skaar Kleven. – Det ligg mykje makt i språk, og denne arrangementsrekkja ser nærare på korleis måten vi skriv og snakkar på har vore med å forme samfunnet vi lever i.

 

image004 (1)
På Nasjonalbiblioteket i haust: Marta Breen, Finn Skårderud, Hilde Louise Asbjørnsen, Helge Hagerup, Cacilie Løveid, Jan Erik Vold, Karin Krog, Anne Helene Guddal, Sigrid Undset og Sigbjørn Obstfelder.

 

Fortidas folkelesnad

Det er knytt forventningar til nestemann ut i den populære serien «Fortidens folkelesning», og den 15. oktober er turen komen til Henning Hagerup, som har lese Sigrid Undset. Blir ho enno lest av folk flest, og kan bøkene hennar framleis seie oss noko viktig? Føredraget blir lansert som bok same dag.

 

Sigrid_Undset_1928
Er diktinga til Undset framleis viktig?

 

 

Revy, viser og tropical house

Teknologi, maskiner og lydkunst er tema i Nasjonalbiblioteket si nye arrangementsrekkje om norsk elektronisk musikk der Karin Krog, Per Martinsen, Audun Vinger og fleire fortel om vegen frå Arne Nordheims Solitaire til tropical house med Kygo.

– I byrjinga blei elektronisk musikk sett på som noko sært og smalt i Noreg. Ingen trudde at denne sjangeren skulle bli ein viktig del av vår populærkultur og gjere oss internasjonalt kjende. I desse arrangementa ser vi på korleis dette gjekk til, seier Eline Skaar Kleven.

Viser og revy står også på programmet. I haust kjem både Eldar Vågan og Hilde Louise Asbjørnsen som høvesvis syng viser frå bryllaup og konfirmasjonar, og songar om kjeltringar og kriminelle. Under Oslo Kulturnatt 16. september fortel Dizzie Tunes om revyliv og pop-suksessar gjennom førti år, i samband med at bandet sitt arkiv med plakatar, brev og materiale frå heile karrieren deira no er samla i Nasjonalbiblioteket.

 

 

Jakta på venleik og helse

Til alle tider har det eksistert fantastiske kurar, råd og remediar for å bli vakker, sunn og lykkeleg. Utstillinga «Jakten på skjønnhet og helse» syner tips om venleik og helse frå alle tider: frå eldgamle helsebøker, via oldemors elektrobelte til åttitalets power-yoga.

Marte Spurkland, i haust aktuell med TV2-programmet Helsekontrollen, leiar samtalen mellom direktør for Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg og forfattar Marta Breen på opningskvelden 7. september.

 

Sommerprat foto Marta Breen Foto Evy Andersen
Samtaler om jakta på helse og venleik: Marta Breen. (Foto: Evy Andersen)

 

Biografi og sanning

Nasjonalbiblioteket og Norsk biografisk selskap presenterer òg føredrag med Marit Paasche og Arnhild Skre om Hannah Ryggen den 23. august, og seminar 15. september med Edvard Hoem, Thorvald Steen, Cecilie Enger og fleire om tilhøvet mellom dikting og sanning i biografiar og romanar.

 

Alle utstillingar går føre seg i Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo og arrangementa er gratis.

 

Heile programmet finn du her.