Ny leiar i Norsk Bibliotekforening

Vidar Lund er valt til ny leiar i Norsk Bibliotekforening.

På det digitale landsmøtet 26. mai vart Vidar Lund valt som ny leiar i Norsk Bibliotekforening (NBF) etter Mariann Schjeide. Vidar Lund er biblioteksjef i Levanger, men vil arbeide fulltid for NBF frå og med i sommar. Mariann Schjeide gjekk av etter 6 år som leiar i Norsk Bibliotekforening.

– Biblioteka er viktige institusjonar for både lokalsamfunn og undervisningsinstitusjonar i heile Noreg, seier Vidar Lund, og legg til:

– NBF si viktigaste oppgåve er å vera med på å synleggjera og styrkje biblioteka si rolle.

Viktig med fleksibilitet

– No er det ein spesiell situasjon rundt Covid19 og smitteverntiltak over heile landet. Vi ser at biblioteka gjer sitt ytterste for å gje folk i bygd og by bibliotektenester. Digitalt, fysisk og gjennom ei varsam opning etter kvart som smittesituasjonen har roa seg. No er det viktig at biblioteka er fleksible og gjer sitt beste for at folk skal få tilgang til samlingane og tenestene til biblioteka, understrekar den nye leiaren.

Det er skapt uvisse rundt kommuneøkonomien, etter at KS og Kommunal- og moderniseringsdepartementet er usamde om kva verknad Covid19 vil få.

– Vi oppmodar alle kommunedirektørar og politikarar til å ta vare på og utvikle biblioteket sitt trass i potensielt tronge tider. Å kutte i bibliotektenestene vil fort vera det same som å kutte i samfunnslimet som trengst når samfunnet opnar for fullt igjen, avsluttar Lund.