Nok nå, N-R-K, nok nå, N-R-K!

Helge Torvunds kommentar til at NRK vil legge ned programposten Diktafon.

Ifølge Diktafon-programleiar Annelita Meinichs facebook-profil skal programposten tas av lufta til sommaren. Det provoserer Helge Tovund kraftig. 

Helge Torvund er ein av lyrikkens framste forkjemparar her i landet, blant anna som diktlærar i Diktkammeret og som lyrikar med ei rekke diktsamlinger bak seg. Her er hans kommentar til at NRK nå skal ha planlagt å ta programposten Diktafon av sendeplanen til sommaren.

***

Eg er forferda over å høyra at NRK nå planlegg å ta Diktafon av P2 sin programplan til sommaren.

Eg trur ikkje eg er aleine om å oppleva at det nett i denne perioden er ei stigande bølgje av interesser for diktet. Eg har aldri vorte beden om å vera med i så mange antologiar som det siste året, og eg ser at diktet vert nytta på teater og i sosiale media på stadig nye måtar og får stor merksemd av mange menneske.

Eg har sjølv sett korleis det er mogleg å vekkja interesser for diktet hjå folk som ikkje tidlegare har lese dikt, bare ved at det vert auka tilgjengelegheit i mange ulike kanalar.

For eit år sidan var eg med på eit lite seminar i regi av NRK for å drøfta korleis dei i tillegg til radio og TV kunne auka interessa for litteratur og poesi gjennom bruken av dei nye media.

Men Dikafon har vore ein slags grunnstamme i denne formdilinga fordi dei kan ivareta både opplesinga av dikt av poetane sjølv, og den unike samtalen med diktarane om korleis dikta vert til.

Eg trur både NRK og den diktinteresserte delen av lisensbetalarane deira, ville vore mykje meir tent med at Diktafon vart ein medspelar i den poesiinteressa som nå stig fram, og der ein kunne fange opp ting som skjer og skapa endå større interesse gjennom dei lyttarane ein når over heile landet.

I tillegg til at programposten og måten den er driven på, med sine klåre styrkar som ivaretek noko ein elles ikkje så lett kan frå ut til mange over heile landet, så har programleiaren Annelita Meinich vore ein heilt spesielt engasjert poesilesar og samtalepartnar for dei ulike poetane som har vijta programmet. Med hennar evne til å gripa og la seg gripa av svært forskjellige typar dikting, har ho nærma seg poetane på ein respektfull og lite påtrengjande måte, men likevel klart å få dei til å opna seg og gje oss innsikt i prosessane bak skapinga av mange av dei gode diktsamlingane som har vorte utgitt dei siste åra.

Ikkje eitt av dei programma eg har fått med meg har verka likegyldig eller uinteressant.

Men det er vel kanskje det som er feilen? Ein vil vel bytta dette programmet ut med eit nytt program der ein pratar i veg om kva som helst og spelar litt lett musikk før ein får tenkt seg om …

Eg har levd så lenge, at eg sjeldan vert sint eller opprørt, men dette verkar så merkeleg ugjennomtenkt og unødvendig. I tillegg til å vera eit av dei aller beste radioprogramma når det gjel innhald, kontinuitet og programleeing, må det jo òg vera eit av dei billegaste å produsera.

Her sit to menneske ved mikrofonen med ei papirbok mellom seg og berører tusenvis av sjeler og hjarta kvar einaste veke.

Nei, eg forstår. Slikt kan me ikkje ha i vår tid. Få det vekk!

 

***

Kommentarar, tilsvar eller synspunkt kan sendast til: redaksjon@bok365.no