Nok eit godt Skald-år

Forlagssjef Simone Stibbe.

Leikanger-forlaget Skald er ein blomster i forlagsfloraen. Utfordringane var sjølvsagt mange i covidåret, men 2020-tala frå fargeklatten blei likevel riktig bra. I år har forlaget skote blink med "Bortom allfarveg" av Gunnar Garfors.

Omsetninga auka i fjor med heile 20 prosent, og enda på over 6 millionar, noko som er nære på rekord for det vesle forlaget. Driftsresultatet betra seg samstundes og viser eit overskot på 270 000 kroner. Forlaget har over tid skapt seg armslag med ein relativt romsleg eigenkapital på 1,8 millionar kroner.

Skald er godt etablert som produsent av høgkvalitetsbøker, med eit stort spenn i utgjevingane. Frå ambisiøse omsetjingar av gamle klassikarar, til profilerte kunstbøker, oppdrag-utgjevingar og markant sakprosa. I fjor så likevel forlaget seg tvinga til å redusere talet på utgjevingar frå nitten til tretten.

Likevel auka altså omsetninga markant.

– Gratulerer med gode 2020-tal, forlagssjef Simone Stibbe.

– Takk, det gjekk bra til slutt, men starten på pandemien opplevde vi som ganske så dramatisk. 13. mars stoppa alt opp hos oss som for resten av landet. Omsetninga gjekk ned mot null i nokre dagar, og vi sette heile vårlista på vent. Då vi etter kvart skjønte at det gjekk mot Noregsferie, tok vi kjapt opp att tråden til Rebecca N. Strands bok Bomtur om å reise på bomvegane i Noreg. Denne, saman med dei to vårklassikarane, redda våren hos oss. Men fleire av titlane frå vår- og haustlista vart utsette.

– Kor kom veksten?

– Med stengde bokhandlarar over heile landet falt naturlegvis forhandlarsalet merkbart, samstundes gjekk nettsalet kraftig opp. Så kraftig at vi måtte snu oss rundt for å fornye både nettsida og drifta. Vi har tradisjonelt pakka bøkene våre sjølve, men med ei så sterk auke i nettsalet var det fysisk ikkje mogleg lenger. Vi sette i gong med ei fullstending omstrukturering av drifta ved sida av ein enormt hektisk kvardag. At det gjekk så bra som det gjekk, er eine og åleine takka vera at dei tilsette stod i det og gav sitt beste i ei svært krevjande tid.

– Kva for ein tittel bidrog mest til omsetnaden?

– Vi var heldige med titlane vi hadde på lista. På våren selde som eg sa, Bomtur godt inn mot sommaren. Det var vi veldig nøgde med. Men då vi begynte å selje Dyrk enkelt av hagebloggar Maria Berg Hestad, tok det heilt av. Over 2000 eksemplar vart selde før boka i det heile rakk å kome på lager. Og det var ikkje noko sentralt innkjøp frå bokhandelkjedene som gjorde det. Det var rett og slett direktebestillingar. I tillegg selde Vestlandshus av Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth godt.

– Og no ser ein at det er Skald og Gunnar Garfors som toppar boklistene?

Bortom allfarveg av Gunnar Garfors har gjort det svært bra. Førsteopplaget vart utselt etter fire dagar, og no er også andreopplaget utselt. Det blir nok den beste våren i heile Skalds historie. Men vi har også nokre sikre salsuksessar på haustlista, blant anna skal Maria Berg Hestad kome med ny bok om dyrking heile året rundt.