Nobelprisen til Gunnhild Øyehaug!

Kristin Fridtun
Forfattar Kristin Fridtun

DAGENS SOMMARGJEST: Kristin Fridtun er filolog og forfattar frå Elverum.

Kristin Fridtun (f.1987) bur i Lillehammer. Men kjem frå Elverum nedst i Østerdalen. Ho tok mastergraden i norrøn filologi ved NTNU i Trondheim i 2011. Frå 2011 til 2012 arbeidde ho i Stadnamntenesta.

Fridtun har skrive artiklar og essays i ulike tidsskrift og antologiar. Sidan 2009 har ho vore fast spaltist i avisa Dag og Tid. I 2012 gav ho ut boka Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om, der ho skriv humoristisk om opphavet (etymologien) til mange av kvardagsorda vi omgir oss med.

Boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil: Kvifor gjer me det, og har det noko for seg? kom i 2021 som den sjette boka Fridtun gjev ut om språk.

Fridtun har i løpet av forfattarskapen fått tildelt mellom anna Volumstipendet (2013), Språkgledeprisen (2016) og Bokhandelens sakprosapris (2016). I 2019 gav Språkrådet henne Språkprisen for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa.

– Kvar held du til i ferien, Kristin?

Eg var på farten store delar av juni, så no gler eg meg til heimeliv på Lillehammer ei stund framover. Men eg skal i alle fall innom Elverum, Voss, Kyrksæterøra og Engerdal innan hausten kjem. Storbyferie lokkar ikkje noko særleg, som de skjønar.

– Kva må ein god sommarferie innehalda?

Lystlesing, kyssing og gamle fotballshortsar.

– Kva bok er den beste du har lese så langt i år? Og kva ligg øvst i bokbunken i ferien?

Her hadde eg tenkt å surna fordi de bed meg om å rangera leseopplevingar, men sanninga er at éi bok straks pressa seg fram i medvitet: Det ligger i blodet (2023) av Ketil Slagstad. Emnet er aidsepidemien, og som juryen til Kritikarprisen sa då dei gav han prisen: «Slagstads prosa kombinerer akademisk grundighet med en betydelig evne til å fortelle levende og engasjerende.» Øvst i bunken min no ligg Født i rett kropp (2024) av Luca Dalen Espseth. Det kan aldri bli for mykje skeiv litteratur.

– Automatisk fråværsmelding eller litt e-postsjekking frå stranda?

Eg har ikkje lagt meg på ei særskild line, men så får eg ikkje overvettes mykje e-post heller. Dessutan har eg ikkje smarttelefon (og – snikskryt – har aldri hatt det). Så når eg går ut døra heime, anten det er for å drikka kaffi eller øl med vener, gå på kulturarrangement eller liggja på stranda, er eg totalt avkopla. Og slik vil eg halda fram med å ha det, sjølv om det kan vera svært så tungvint i eit samfunn der meir og meir krev at ein har ein app. Men ein må berre stå imot. Vera vrang.

– Kva står på bordet viss du får velja det perfekte sommarmåltidet ditt?

Så lenge eg får rabarbrapai med is og kaffi innåt, er eg nøgd.

– Kven ville du invitert til bords, viss du ikkje kunne velja familie eller kjærast?

Lett! Bibliotekarane på Lillehammer bibliotek og litteraturhus, som lagar uimotståelege bokutstillingar året rundt og generelt gjev både leselysta og skrivelysta mi eit lyft.

– Det beste ferieminnet ditt?

Fyrste gongen eg såg ein prideparade. Det var i Oslo i 2005, og eg gløymer det aldri.

– Kven i Bok-Noreg vil du helst gi ein blomsterbukett?

Håkon Remøy, manusredaktør og målflogvit på Samlaget. Kvar gong eg har skrive eit manus eller språkvaska nokon andre sitt, lærer eg noko nytt om nynorsk og skrivereglar i det heile. Eg vert svimmel berre av å tenkja på alt som folk i slike stillingar må ha oversyn over.

– Viss du fekk vera kulturminister for ein haust – kva er det første du ville gjort?

Kasta pengar etter ordbokredaksjonar, tidsskriftredaksjonar og skulebibliotek.

– Viss du kunne sett éi bok på pensum i norske skular; Kva og kvifor?

Sidan ferien er høgsesong for dumping av kjæledyr, må det bli ei kattebok. Kattar har altfor låg status. Det kan ein vel seia om dei fleste dyr, i grunnen: kyr, griser, kyllingar, rein osb. I alle fall er svaret mitt «Hvor gammel blir en tiger? En bok om katten Pi og hvorfor ikke alle lever like lenge» (2016), skriven av Bjørn Arild Ersland og illustrert av Per Dybvig.

– Kva overskrift håpar du å sjå på Bok365 til hausten?

«Gunnhild Øyehaug får Nobelprisen!» Kvifor nøya seg med éin vestlending?

– Kva spørsmål burde eg ha stilt deg?

Spørsmål: Kva er det finaste sumarordet? Svar: solslyng. Sjølve fenomenet er keitt, men ordet er nydeleg.