Mellom andante og allegro

Thor Magnus Tangerås

DEN LYRISKE SOMMERGJESTEN: I dag med debutant Thor Magnus Tangerås,

Thor Magnus Tangerås (f.1972) er opprinnelig fra Torvastad, rett utenfor Haugesund. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, fortelling og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forsker på hvordan litteratur kan forandre oss, og har blant annet utgitt boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020).

Men årets samling Ø (Samlaget) er altså hans første lyrikkutgivelse. Vi håper og tror at det ikke blir den eneste. Tangerås er allerede i gang med oppfølgeren. Denne gang skal tema være mennesket i naturen og naturen i mennesket. Her vil han balansere fryd og fortviling – fryd over alle skapningene en kan møte, fortviling over alle de en snart ikke kan møte lenger.

– Hvordan har mottakelsen av boka vært, Thor Magnus?

Ho har fått nokre fine meldingar. Det er bra. Eg har og fått nokre invitasjonar til å vera med på podcastar og festivalar. Det er òg bra. Men det beste er dei personlege meldingane eg har fått frå lesarar som seier at Ø har gjeve dei noko.

– Hvor tilbringer du ferien i år?

Der eg har feriert saman med familien min dei siste ti somrane: på den Grøna Ön, Orust i Västra Götaland. Ved eit lykketreff fann me eit gammalt torp nær havet. Det er ikkje sjøutsikt her, men det gjer ingenting når me har ein svær hage og kan sjå ut på grøne marker, lauvtre og åsar. Stien ned til sjøen går gjennom ein liten skog og langs ei blomstereng.

For fyrste gong på fleire år vert det og ein utenlandstur igjen, til Frankrike.

– Hva må en god sommerferie inneholde?

Her er eg meir oppteken av form enn innhald: ferien må vera lang og varm og tempoet må veksla mellom andante og allegro. Då fell gjerne innhaldet på plass av seg sjølv: morgonbad, bjørkesus,  hylleblomstsaft, kvitrande fuglar, summande bier, makrellstimar, blank fjord og blanke dagar, Chablis og blide folk, krokket og kubb og kortspel, rips og jordbær. Og: å sitja å lesa i halvskuggen under det store, gamle pæretreet.

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år?

Eg vil trekka fram ein moderne klassikar eg nett har oppdaga: Vandrefalken av J. A. Baker.

Eg elskar engelske landskap, fuglar og tre og lyriske passasjar. Og så er eg glad i bøker som overskrid sjangrar. Denne boka er rekna for å vera naturprosa, men ho er like mykje poesi og dagbok. Berre høyr på denne vilkårleg utvalde passasjen, som eit døme på Bakers falkeblikk:

«En intens stedsans gløder i deg som en ny kroppsdel. Retning får farge og mening. Sør er et strålende, avstengt sted, gjennomskinnelig og kvelende. Vest er jorden som tykner til trær, noe som trekker seg sammen, den store kjøttsiden av fastlandet, det himmelske lårstykket. Nord er åpent, øde, veien til ingensteds. Øst er himmelen som våkner, et lyssignal, havets stormende bråhet.»

– Og hvilken lå øverst i bokbunken i ferien?

Bøkene ligg strødd utover, må eg innrømma. Men i midten ligg nok Thomas A. Clarks diktsamling Dei Hundre Tusen Stadene, i Per Olav Kaldestads fine gjendikting (Nordsjøforlaget). Den les eg i kvar sommar.

– Hva ville vært tittelen på boken om ditt liv?

I eit tydelegare liv

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

Hm. Eg trur ikkje eg veit korleis ein aktiverar ei slik melding. Og eg brukar ikkje mail på mobilen. Så svaret er alternativ c, ingen av delane.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

Eg elskar alle havets frukter. Men eg vel meg krabbe. For krabbe er det beste eg veit.

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

Utenlandske vener eg ikkje har sett sidan før pandemien.

– Ditt beste ferieminne?

Dei er mange og dei flyt over i kvarandre. Men eitt står ut: kvelden den 26. juni 2003, i parken på St Hanshaugen, då eg såg Vanja, for fyrste gong.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

Det finst så mange litteraturarbeidarar som fortener blomar (og meir enn det). Alle i Samlaget må få kvar sin blome. Og så vil eg gje ein bukett til Linda Schade Andersen, bibliotekar på Ullevaal Sjukehus. Ho har lesegrupper for pasientane utfra metoden Shared Reading, der dei saman opnar opp poesien og poesien opnar dei.

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

Viss berre eg fekk bestemma! Nei, eg er nok ikkje skikka for den oppgåva. Eg ville ha ynskja å gje meir til alle. Forresten, eg ville ha samarbeida med helseministeren for å få oppretta stillingar til litteraturarbeidarar, kunstnarar og musikarar på alle institusjoner og sjukehus. Litteraturterapi, kunstterapi og musikkterapi for alle.

– Hvilken overskrift håper du å se på BOK365 til høsten?

Ny vår for lyrikken

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg? 

Oppfølgingsspørsmål til svara ovanfor. Det er for få oppfølgingsspørsmål i verda.

Ja til meir undringsfridom!

Undringsfridom var et nytt fint ord. Du nevner over «Shared Reading metoden». Hvordan fungerer og arter denne seg?   

Shared Reading vart utvikla i Liverpool av Jane Davis.

Ein leseledar les ei novelle eller dikt høgt for ei gruppe deltakarar, og fasiliterar ein samtale om det dei har lese.

Dei har og teksten foran seg. Ho tek pauser undervegs, og deltakarane samtalar om teksten. Ingen førebuing krevst, og det er ikkje noko bestemt svar ein skal komma fram til. Jane Davis fann ut at metoden både var ein fin veg inn i litteraturen, og hadde gunstige verknader på deltakaranes sjølvkjensle og mentale helse.

No held eg på, saman med litteraturforskarar i Oslo, Århus, Lund og Uppsala, og redigerar ein nordisk antologi om Shared Readings betydning for medborgarskap og psykisk helse.