Me kjem inn i barnebokmørket

I februar kjem eit par hundre barnebokentusiastar til Stavanger, blant anna for å diskutera undergangstrenden i moderne barne- og ungdomsbøker, skriv Stavanger Aftenblad.

–Me ser ein stadig tydelegare dystopitrend i barne- og ungdomsbøker. Stadig fleire forfattarar vel verdas undergang som utgangspunkt for bøkene sine. Det ønskjer me å diskutera, seier Siri Odfjell Risdal, prosjektleiar for Nordisk barnebokkonferanse 2015, som skal gå av stabelen i Stavanger 2.–4. februar neste år.

0 Delinger