– Mangelen på fasit kjentest som eit bra utgangspunkt

BARNEBOKPROFILEN: Vegard Markhus har skrevet om noe av det kuleste som finnes. Eller kanskje ikke finnes? Hvem vet!

Vegard Markhus (fødd 1983) er forfatter, illustratør, musiker og lærer. Han debuterte med bildeboka Redd i 2008. Markhus ble i 2010 tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris og i 2019 ble han nominert til Kulturdepartementets barne- og ungdomslitteraturpris for beste bildebok. Alien i klassen er hans niende bok.

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Eg ville lage ei bok som kunne få lesaren til å smile og humre, og som samtidig kunne gje eit håp til dei som føler seg aleine i klasserommet/barnerommet/verdsrommet.

– Sjølve alien-ideen kom på grunn av ein barnesong eg har laga: Gyli gyli gong gong. Responsen på songen var strålande og ideane til ei bok begynte å poppe fram. Då eg fann tittelen (Alien i klassen), skjøna eg at dette kunne bli eit perfekt univers for å arbeide med både humor, fantasi og einsemd. Dessutan er jo ufoar og romvesen noko av det kulaste som finst! Eller ikkje finst? Kven veit. Mangelen på fasit kjentest som eit bra utgangspunkt.

– Tidlegare har eg skrive relativt korte biletbøker og eg var nysgjerrig på om eg kunne klare å skrive noko lengre. Eg har sett korleis ungane mine og ungane på skulen der eg arbeider sluker bøker i pingle-sjangeren. Sidan eg både skriv og teikner, vart det då naturleg å bli inspirert av dette formatet.

Tre barnebok-favoritter:

– Tre bøker som både eg og ungane har hatt lyst til å lese igjen og igjen: Ulf er uvel av Rebecca Wexelsen og Camilla Kuhn, Fru Andersen har hump i halen av Trond Brænne og Per Dybvig og Stuck av Olliver Jeffers.

– Sjekk ut:

– Alle sammen reiser av Kristin Roskifte. Eg har lese denne boka ørten gonger med 6-åringen i det siste. Veldig fin bok, men det beste er at ho blir litt og litt kjekkare kvar gong vi les ho. Det er ei heilt anna bok no en då vi las ho første gong. Kvar gong finn vi nye historiar om karakterane i boka.

Hvordan jobber du?

– Ofte er eg flink til å arbeide over alt: Teikne nokon ansikt på sakslista på foreldremøtet, skrive nokon ord på mobilen på bussen osv. Dette gjer eg ofte heilt til planen er klinkande klar i hovudet mitt. Så teikner og skriv eg heile greia med tusj på papir, og fargelegg på data.

– Når eg skulle skrive Alien i klassen, merka eg at eg måtte ha meir struktur på ting. Det var så mange sider og illustrasjonar å halde styr på, og i hovudet blei det berre virvar. Eg skjøna at eg trong ein lengre periode der eg kunne fokusere på prosjektet utan å miste tråden. Dermed tok eg permisjon frå jobb. Eg skreiv heile historia relativt ferdig før eg teikna digitalt. Og så gjorde eg alt på nytt. Og på nytt. Det var ein kronglete prosess, men eg hadde heldigvis ein stødig redaktør med på laget. Fortsatt var det mykje virvar i hovudet, men på finurleg vis var alt slik som eg hadde håpa då boka landa i postkassa.

Din egen favorittillustrasjon?

– Hm. Viss eg skal velge frå Alien i klassen, blir det kanskje sida der Ulrik F. Oma er på ufojakt.

– Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Eg hugser dessverre alt for lite frå då eg var liten, men eg var veldig svak for alt som var koseleg. Kombinasjonen regn, sofa, teppe og høgtlesing frå for eksempel Barna i Bakkebygrenda eller Ole Aleksander Filibom-bom-bom var toppen av lykke.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Gruffalo!

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Det må vel vere den musa som møter Gruffalo, då. Skikkeleg smart lita mus, og så er eg glad i nøtter.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Viss eg sjølv skal lage ei bok eg er fornøgd med, må boka innehalde både noko å le av og noko å gruble på. Og så må historia vere formidla på ein måte som treff ungane. Eg er ikkje fan av vaksenbøker som kler seg ut som barnebøker.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Sju hav høyres mykje ut, men eg har ein draum å segle over eitt hav. Gjerne med Pippi!