Lysa på eit lite piletre i hagen

Ogna på Jæren: Julelys i piletre.

LUKE 12: Diktnestor Helge Torvund legger et aktivt og produktivt år bak seg.

I vår kom Torvund med diktantologien «99 dikt om glede». Senere på våren kom den kritikerroste diktsamlinga Liljevilje, og i høst har han levert elleve tekster til Jarle Obrestads album Jæricana, «Vakrere blir det ikke» skrev anmelder Geir Flatøe i Stavanger Aftenblad til terningkast fem.

– Hvor tilbringer du jula i år, Helge?

Heime på Ogna på Jæren, som alltid. Men med færre folk og endå meir ro enn vanleg.

– Det blir ikke jul uten … hva?

Lysa me har på eit lite piletre i hagen er viktige for julestemninga i denne mørke månaden. Her er jo vanlegvis ikkje snø hjå oss, og dermed vert mørkret meir dominerande.

 

– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?

Det har vore ein heil del av dei, men la meg nemna debutboka til ei av dei mange poetane som har vore innom Diktkammeret der eg er lærar: Jeg vil våkne til verden av Karoline Brændjord. Det er ei glede å sjå ein diktar stå fram slik ho gjer i den boka.

Elles har det vore fantastisk å lesa To Speak for The Trees av Diana Beresford-Kreoger. ikkje minst gjennomgangen av det første europeiske alfabetet, eit keltisk alfabet der kvar bokstav er knytt til eit tre på ulike vis.

– Har det kommet noe positivt ut av det siste året? 

Her er det meste ved det gamle, og det er godt slik. Når ting endrar seg så radikalt ute i samfunnet, er det godt å bu i ei lita bygd, der ting stort sett held fram som før. Det gir ei kjensle av tryggleik og kontinuitet som ein ikkje skal forakta.

– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

Min kinesiske farmor av Lars Saabye Christensen. Dag for dag. Texter från en särskild tid av Bengt Berg, og Vegar ut til alle kantar – Rogaland Mållag sin novelleantologi der eg debuterer med  novella Verdenskatten.

– Hvilken bok, som har betydd ekstra mye for deg gjennom livet, vil du gjerne anbefale andre å lese?

For å tilrå ei slik bok til nokon, må eg kjenna vedkomande personleg og vita kva denne lesaren kan ta imot og ha glede av. Elles trur eg det er best å halda tittelen for meg sjølv.

– Hva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2021?

Det blir ei bok om ein bruktbilseljar frå Sauda som får besøk av ein engel, eit orakel og ei orkidébie. Desse tre bed han om å bli med på ei reise og ei krevjande oppgåve, noko han kastar seg uti med liv og sjel. Me følgjer så han og dei tre nye vennane hans på vegen mot undergang – eller suksess.

– Spennende. Hvis du bare kunne velge én: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?

I og med at eg driv og les “More Than True”, ei bok der poeten Robert Bly ser på moglege tydingar av ulike eventyr, trur eg det får bli Askepott. Forteljinga, eventyret, metaforane og mytologien er ei viktig arv som formidlar ting til oss på ein annan måte, og difor er dei noko så rart som meir enn sanne.