Kvit vin i høge glass

Helge Torvund (foto: Torstein Lillevik)

Lyrisk: En hyllest til nybakt vinner av Doblougprisen, versesmed Helge Torvund.

Et årlig høydepunkt på Litteraturfestivalen i Lillehammer, som avsluttes i dag, er utdelingen av den høythengende Dobloug-prisen. Prisens formål er å fremme norsk og svensk samtidslitteratur, og deles hvert år ut til to norske og to svenske forfattere. Norske prisvinnere ble i år Vigdis Hjorth og Helge Torvund. Begge får 200.000 kroner fra et prisfond som styres av Svenska Akademien.

Vigdis Hjorth skriver helst berømte romaner, men denne lille søndagsspalten er viet lyrikk. Vi gratulerer derfor Vigdis Hjorth med svært velfortjent pris, før vi gleder oss over versesmeden Helge Torvund.

Kort, fyndig takketale

Prisvinnerne var instruert om å holde korte takketaler. Torvunds lød slik:

«I 1951, det året eg vart fødd, fekk ein norsk poet Doblougprisen; Arnulf Øverland (*), og nå 67 år seinare får altså ein annan norsk poet prisen. Eg kunna ha takka alle dei eg står på skuldrene til, eg kunne ha takka Gud, forlagsfolk og livskjærasten min. Men eg har faktisk bestemt meg for å ta heile æra for denne prisen aleine! Eg takkar komiteen som har gitt den til meg, og ser prisen som ei verdsetting av mitt livsverk, eit liv i poesiens teneste.»

Juryen om Torvund

«Helge Torvund har gjennom nesten tretti diktsamlingar gjennom fire tiår frå slutten av 1970-talet, og gjennom stor aktivitet elles i teneste hos orda vist at han først og fremst er lyriker. Denne lyrikaren skriv i eit av sine tidlege dikt at han er «fylt til lippene av det verkelege», og det er ikkje tvil om at den unge lyrikaren høyrde til blant dei som skreiv konkrete dikt, som var til stades i verda. Samstundes visste han då og veit enno om avstanden mellom orda og verda, mellom dikta og livet, og er smerteleg klår over kor vanskeleg det er å fange augneblinken og samstundes sjå samanhengane dei små glimta går inn i. Erkjenninga av å måtte leve og dikte i ei slik spenning får ulik handsaming gjennom ein lang karriere som lyrikar, og i ettertid kan ein registrere at også han er «livsfasediktar» og at både det dikteriske uttrykket og haldningane som ligg under endrar seg med åra.

Elles har kritikarar og litteraturhistorikarar brukt omgrep som språkkritisk, minimalistisk, jordnær, kvardagsleg, heimsleg, naturdiktar og liknande om denne lyrikaren. Sjølvsagt må ein føye til nære menneskelege relasjonar, nærleik og kjærleik, for den enkle og direkte sansinga er med i heile forfattarskapen. Kjærleikslyrikken står sentralt – berre smak på tittelen på ei samling utvalde dikt: Skal me leggje ein vedstabel saman?

Livsbejaende

Vi kranser den første søndagen i juni med ett av favorittdiktene fra nettopp Skal me leggje ein vedstabel saman. I diktet møter vi det nære, kjære og det enkle. Vart, sårt og ømt. Likevel livsbejaende.

 

KVIT VIN I HØGE GLAS

 

Kvit vin i høge glas

Det er kveld og me sit ved bordet

Eg merkar ei stille

når me snakkar saman

 

Det er sommarkvelden i våre liv

Me kan bli galne av smerte

av at tida går

Men me sit roleg i smaken av god vin

 

Eg lengtar etter leppene dine

i staden for dei salte

pistasjenøtene

Eg er galen av kjærleik

 

og har lyst til å springa rundt

heile stova ein meter oppe på veggen

kasta meg inn under bordet

og skriva kjærleiksdikt

 

på undersida av bordflata

med svarte bokstavar

Eg har lyst til å kvila hovudet

i fanget ditt

 

og kjærteikna

den mjuke baken din

til fuglane byrjar syngja

Eg vil kviskra

 

serbo-kroatiske kjærleikssongar

og kyssa nakken din

når den mjuke morgonen stig

Men det er ein roleg kveld

 

etter ein lang slitsam dag

Eg sit her med vinglaset
ser på deg, sukkar

Du spør:

Kva er det?
Og eg,
dumskolten,

svarar: Ingenting.

 

 

Helge Torvund, «Skal med leggja ein vedstabel saman – mine beste kjærleiksdikt» (Kvalshaug Forlag, 2014).  Diktet «KVIT VIN I HØGE GLAS» er opprinnelig fra samlinga Salt (Samlaget, 1994).
(*) 1951 – da Torvund er født, var første året prisen ble utdelt. Da gikk den altså den gang til Arnulf Øverland.