Kverneland er årets festspeldiktar

Steffen Kverneland (Foto: Hans Erik Lindbom)

Steffen Kverneland er årets festspeldiktar under Dei litterære festspela i Bergen i mai.

Valet av festspeldiktar er gjort av arbeidsutvalet ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Arbeidsutvalet meiner at bøkene til Kverneland, med stort emosjonelt trykk og ein personleg stil, viser nye vegar for forteljarkunsten og kunstformidlinga.

Her er utdrag frå grunngjevinga, skrive av Marit Eikemo:

– Årets festspeldiktar er forteljar av stort internasjonalt format. Gjennom eit omfattande og rikt kunstnarskap utvidar Steffen Kverneland rommet for kva ei forteljing er – og kan vere – med sin særprega miks av biografi, teikneserie, foto, fortid og samtid. Med sine virtuose teikningar og nøkterne språk formidlar han på meisterleg vis kva som formar eit menneske og ein kunstnar. Enten det handlar om ei brillegeit frå Haugesund si kunstnariske oppvakning, Edvard Munch, eller ein far som ikkje ville leve.

Inviterer med gode kollegaer

Til Dei litterære festspela inviterer festspeldiktaren med seg gode kollegaer. Programmet blir lansert seinare, men festivalen røper at det vil innehalde både kjente norske forfattarar og nye spennande stemmer. Publikum vil òg bli betre kjent med festspeldiktaren gjennom eit grundig djubdeintervju.

Dei litterære festspela finn stad i perioden 25.–27. mai 2023 i Bergen. Arrangør er Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Valet av festspeldiktar er gjort av arbeidsutvalet til Norsk Forfattersentrum Vestlandet, som består av forfattarane Marit Eikemo, Pedro Carmona-Alvarez og Chris Tvedt.