Kraftpakke frå Tante Ulrikkes vei

SOLAN OG LUDVIG: Jamal (Gaute Adela Aastorp Cudjoe) og Mo (Manish Sharma). Foto: Det norske teatret.

Teaterversjonen av "Tante Ulrikkes vei" står seg godt på enda meir energi og sinne enn i boka.

Jamal og Mo er eit umake radarpar, litteraturens nye Solan og Ludvig. Da vi først blei kjende med dei i Zeshan Shakars debutbok Tante Ulrikkes vei, var dei tydeleg teikna. Ein med energi. Jamal er typen som anten kan selje deg kva som helst to gonger – eller gå heilt under. Mo er atterhalden. Som Mo seier på scena: Jeg orker ikke løpe / orker ikke slåss / men jeg veit at de venter. 

I går kveld hadde teaterversjonen premiere på Rommen Scene, ei scene Det norske teatret samarbeider med. Trioen Manis Sharma (Mo), Gaute Adela Aastorp Cudjoe (Jamal) og Ragnhild Meling Enoksen (Maria, Sarah) flyttar snart inn i nynorskdramatikkens heim i sentrum og legg ut på turné med Riksteatret i mars 2020.

 


Zeshan Shakar:
TANTE ULRIKKES VEI
Regi: Victoria Meinik
Det norske teatret
Premiere på Rommen Scene 28. august

Adapsjonen til scena er tru mot romanen som vann Tarjei Vesaas´debutantpris, men det oppstår ein særeigen energi frå starten av. Mo er på felgen, Jamal ein vasekopp. Vi som har trakka i meir enn ein manussalat veit at det skal snu seg.

Oppvekstroman, ikkje innvandrarroman

Eg skundar til med at Tante Ulrikkes vei (TUV i lokalmiljøet) ikkje er ein innvandrarroman. Det er ein oppvekstroman, på linje med dei som kjem frå Odda, Fagerborg, Frogner, Halden, Kongsvinger og andre kvite stadar. Konfliktene kvit/svart er både skrive og spelt ut på meir sofistikerte måtar utover i stykket.

Mo og Jamal er to gutar frå same geografiske punkt i verda, men med heilt ulike heimar og dermed ulikt utgangspunkt for å lukkast. Stykket sentrerer seg omkring heimen, foreldra, kva folk dei kjem ifrå. Når det raknar mot slutten og raseriet verkeleg får lufta seg, kjem potet- og svarting-begrepa fram som ei kampsak. Gutane er norske som nokon, dei har same håp, draumar og lengt som kvitingane – men er det nok?

Flott, sliten scene

Det er eit sinne frå starten av, ei dirring i både teksten og skodespelarane som blir forsterka i sceneversjonen. Scenografien er så nydeleg sparsommeleg at han framhevar skodespelarane og kvar rykning som går over andleta. Scena er ein stabel gråbrune kassar i flyttekassestorleik som blir flytta om på til å bli både to heimar, uteområde og blokkene på Stovner, bydelen der alle barn av regnboga skulle vere saman. Farga på kassane gjer at dei ikkje skin når prosjektorane treff, men det kjem ein sliten patina over heile scena. Flott utført av scenograf og kostymedesignar Unni Walstad og teknisk personale.

Hard lyd og hardt regn som fell

Lesarane kjenner historia: Mo havnar på Universitetet, Jamal trur han går gradane oppover ved ein lokal bilverkstad, men det er i røynda eit tog utan bremser i ei nedstigning. Som Bruce Springsteen skreiv:

Now I work down at the carwash / Where all it ever does is rain

Lyden i stykket er langt meir moderne enn dongerijakkeklaging frå Jersey. 2pac er sentral, som i boka, og det er hardt og brått. Musikken blir ikkje brukt utan at han skal endre sinnelag eller handling, men ein kan jo lure på kvifor ikkje lokal rap og hiphop frå Groruddalen er nytta? Ville det blitt for konkret og frampeikande på norsk?

Musikalen West Side Story bygger på Romeo & Julie og Tante Ulrikkes vei har noko frå dei begge: Klassesamfunnsskildringa med ei jente i midten, eit par svisker i melodivalet som illuderar dramatiske høgdepunkt, verdirivaliseringa mellom familien frå Stovner og jenta frå Kjelsås som vil kjempa sine eigne kampar på sin eigen måte. Ho går inn i Amnesty, ho går ut mot at HM skal etablera seg på Grünerløkka – i fullt alvor og med sin privilegerte glød. Mo blir matt og salen flirer høgt og godt.

Godt støy

11. september endrar alvoret i liva deira. Æresdrapet frå boka er med og blir nytta for å syne fram verdisettet hos kjærasten frå Kjelsås. Demonstrasjonane, brusteinen og den totale oppløysinga Jamal opplever, av både eigen familie og sjølvbilete, er ei sterk oppleving som kunne vore enda villare spelt ut. Men for all del: Dette støyar godt og meir enn i forelegget til stykket og det meste klikkar på plass for alle som har lese boka – og alle som skal lese ho.

VIDAR KVALSHAUG