Kjærleikserklæring til livet i høgblokk

Bjørn Hatterud (foto: Agnete Bruun)

ANMELDT: Eit tappert, vellukka og velskrive forsøk på å gjenreise høgblokkenes tapte ære.

 Bjørn Hatterud har skrive ei varm kjærleikserklæring til utanforskap og livet i høgblokk. Det er også eit tappert, vellukka og velskrive forsøk på å gjenreise høgblokkenes tapte ære.

Hatterud er frå Veldre på Ringsaker. Han er homofil, tidlegare uføretrygda, men no aktiv kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar og medlem av Kultrurrådet. «Å drive arkeologi i eige liv er ein ekstremt lite eksakt vitenskap. Sjølvbiografiar skal ein aldri stole på, det er den mest spekulative forma for eventyr», skriv han.


Bjørn Hatterud
Blokka på Bjerke – Tretten år i tredje etasje
Sakprosa
Samlaget
200 sider

Kulturhistorisk samtidsskildring

Så er det likevel denne forma for eventyr han legg ut på. I Blokka på Bjerke – Tretten år i tredje etasje vekslar han ledig mellom fortid og notid, og penslar ut ei gripande historie om korleis ein innflyttar frå bygda turnerer overgangen frå totalt utanforskap til inkludering og sjølvrealisering, mot dei fleste odds i eit nabolag som ikke akkurat har hatt den høgste statusen i eit Oslo i endring. Dette er kulturhistorisk samtidsskildring, befriande fordomsfritt, og lite omskrive i norsk litteratur. Det er lokalhistorie, men også universelt gyldig, vil eg tru, for mange som ikkje har fått fortalt si historie.

I Marions slør av Roy Jacobsen, blir blokkene på Bjerke omtala som «segneferdige av stygghet, en glissen tanngard i Groruddalens underkjeve» der blokkene blir metaforen for alt som har gått gale i samfunnet. Ein bustad for samfunnets taparar, dei slitne, dei som fall utanfor, dei mislykka. Det er her, eit par år etter at boka kom ut i 2007, Hatterud flyttar inn.

Blokkene er teikna av arkitektane Olav Mørk Sandvik og Bernt Heiberg. To markante, modernistiske arkitektar som kanskje er mest kjent for Utanriksdepartementet i Oslo. Mykje glas, stål og betong, glatte flater og funksjonelle løysingar, etter luft- og lysideala i den tyske Bauhaus-retninga frå mellomkrigstida.

«I blokkene på Bjerke får ein bra med både luft og lys. Leiligheitene har vindauge i to eller tre himmelretningar, ein ser Oslo med fjorden, godt utover regionen Viken frå etasjane litt over midten. Dei store vindauga, dei enkle overflatene og den rasjonelle romløysinga er som henta frå Bauhaus sine lærebøker», skriv Hatterud.

Fortel om nære vennskap

Det er vanskeleg ikkje å bli rørt av Hatteruds historie om ein fattig, ufør innflyttar som gret over å måtte velje mellom om han skal ta seg råd til å kjøpe mjølk eller knekkebrød, han hadde ikke råd til begge delar, samtidig som han kjempar ein uendeleg, langvarig kamp mot byråkratiet i NAV.

Men boka fortel også historien om nære vennskap som utviklar seg mellom naboar, dei fleste med tung bagasje i livshistoria. Det er krigsseglaren som lever med traumer frå ei tid i konvoifrakt under krigen, det er husmora som vaks opp i fattighusa på Langøyene, og det er den svært aldrande, privatpraktiserande psykiateren med Wilhelm Reich som læremeister – blant andre. Alle blir dei forfattarens nære vener.

Den raude tråden i boka er beslutninga om at forfattaren skal flytta frå blokka på Bjerke og flyttetidspunktet nærmar seg ubønnhørleg, om enn med sorg. Venene døyr rundt han, og han fryktar for at helsa gjer at han ein dag må bu ein stad der det er lettare å leve. Så blir det til eit nytt høghus på Tveita, ikkje ulikt blokka på Bjerke.

Gjenreiser tapt ære

Sjølv har eg budd fire år på Tveita, i ei av dei gamle blokkene som er nabo til der forfattaren flytta inn. Dei er teikna av John Engh, som var samtidig med Sandvik og Heiberg og arbeidde etter same ideal som dei. Eg budde i 11. etasje, med utsikt til Holmenkollen og Nesodden, og kan skrive under på at livet i høgblokk kan vere heilt allright.

I dag er modernistisk etterkrigsdesign-og arkitektur blitt meir populært og sekstitalsarikteturen har plutseleg fått heilt andre konnotasjonar. Det som hadde vore gammaldags, vart moderne skriv Hatterud.

Sånn sett trur eg Hatteruds bok også vil vere med på å gjenreise ein utskjelts arkitekturs tapte ære. Det er på høg tid.

JAN NYBERG