LitFestBergen, Bjerknessenteret for klimaforsking og Raftostiftelsen går saman om å utlyse ein konkurranse for poesi og essay for unge frå hele verda.
– Målet vårt er å oppdage nytt, litterært gull, seier Teresa Grøtan, sjef for Bergen internasjonale litteraturfestival, LitFestBergen.
Litteraturfestivalen går saman med Bjerknessenteret for klimaforsking og Raftostiftelsen om å utlyse ein konkurranse for poesi og essay for unge frå hele verda. Bidraga til konkurransen vil òg bli brukt i forskingsprosjektet «Climate Narratives».
Vinnarane vil bli annonsert under LitFestBergen i februar 2024, og fleire bidragsytarar kjem til å opptre under festivalen. Det vil òg bli utgitt ei bok med essay, poesi og klimakunst i løpet av 2024.
– LitFestBergen utlyste også ein skrivekonkurranse for unge i 2020, og den gongen fekk vi inn 550 bidrag frå heile 90 land. Det var over all forventning. Med det fantastiske nettverket og partnarane vi har med oss denne gongen, er det god grunn til å ha høge forventningar, seier Grøtan.
Juryen består av prisvinnande poetar, forfattarar og forskarar frå Fiji, Nigeria, India, USA og Noreg.