– Ho tør å drøyme stort

Heidi Marie Vestrheim (Foto: Jan Khür)

BARNEBOKPROFILEN: – Det er så kjekt å skrive om ei litt sånn rett fram jente frå bydga som treng meir plass enn omgivelssane kanskje gir ho, seier Heidi Marie Vestrheim.

 

Heidi Marie Vestrheim (f. 1977) kommer frå Øystese og er bosatt i Oslo. Hun er programleder i TV og radio, musiker, låtskriver og forfatter. Vestrheim har tatt en toårig forfatterutdanning ved Norsk barnebokinstitutt. Jenny Fender er hennes første barnebok.

 

– Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

– Det er nok fordi eg sjølv hadde likt å lese om Jenny som liten. Også er det så kjekt å skrive om ei litt sånn rett fram jente frå bydga som treng meir plass enn omgivelssane kanskje gir ho. At ho elskar rock og fender-gitaren sin, tar plass og i tillegg forelskar seg i ei jente. Det er mykje fart i teksten og ho tør å drøyme stort. Eg har følt på eit overskudd når eg har skrevet, at det er eit «lett og godt» miljø for tankane mine å være i.

– Tre barnebok-favoritter:

Tonje Glimmrdal av Maria Parr, Beistet og Bettina av Jack Meggitt-Phillips og Ti kniver i hjertet av Nora Dåsnes.

– Sjekk ut:

– Sjekk ut Thoralf Fagertun (som eg gjekk på NBI med) si bok, Familien Gnork – den er morosam og rar og veldig bra!

– Hvordan jobber du?

– Oi, det er litt vanskeleg å svare på sidan eg berre har skrivi denne eine boka, men skrivinga går litt i rykk og napp. Eg trivst veldig godt med ein jevn arbeidsflyt, altså starte dagen med å skrive to-tre timar. Over fleire veker. Eg kan også gå fleire dagar eller veker utan å skrive, berre litt sånn korte sessions her og der, men det er mest digg når eg har rytmen på skrivinga, holde teksten varm og friskt i minnet. I vinter har det våre heilt intenst. Takk og pris for at eg er B-menneske; eg har jobba 100% som redaktør i tv-programmet «alle mot 1» på dagen og skrevet bok på natta. Eg kan også skrive i bråkete miljø, som f.eks. på kafé eller med ungane mine springande rundt. Så lenge dei ikkje spør meg om noko, for då får dei ikkje svar… Eg er ekspert på å koble lyd ute, men likevel nyte at den er der.

– Din egen favorittillustrasjon?

– Oi, her kjem eg litt til kort…er det lov å sei Sigbjørn Lilleeng si teikning av Jenny Fender? Elskar omslaget på boka mi!

– Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Boka om Hellen Keller, fordi eg syns så synd på Hellen som var både døv og stum. Ho virka så einsam og det virka så frustrerande og håplaust! Men så fekk ho hjelp av ho snille lærarinna som ofra seg heilt for at Hellen skulle forstå. Scenen der ho skjønar at læraren sitt teikn i handa hennar betyr «vann» , det var så rørande at eg framleis får gåsehud når eg tenkjer på det.

– Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Som barn drøymte eg om å bli Anne frå Bjørkeli sin « kindred spirit», men no i dag, usikker… kanskje Willy Wonka. Berre hengt ut i fabrikken der liksom og kanskje blitt med han på ein fest. Ser for meg det hadde gått vilt for seg.

– Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Kanskje Pippi sin Pappa. Verkar som ein svært sorglaus og avslappa type, som veit å nye livet. Og han røyker pipe.

– Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– At små folk får så mykje dei vil av eit eller anna, som f.eks. uendeleg med pågangsmot, eller ein skatt, eller krefter, eller skikkeleg bra teknisk utstyr, eller sjokolade, eller framkomstmiddel og sånne ting. Og at dei har ein venn eller ein hjelpar eller eit lag. Og at det er noko berre hovudpersonen kan fikse eller utføre. Og humor, ikkje minst.

– På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Å, nei! Umogleg å svare på! Livet burde ikkje være slik at ein må velgje mellom dei to fantastiske verdane. Så eg lar være, gjer slik ein heldigvis kan i litteraturen – hopper inn i bøkene og seier ja, takk begge deler.