Hauge-stipendet til Martin Ingebrigtsen​

Poet Martin Ingebrigtsen. (foto: Nynorsk kultursentrum)

LYRISK: Poet Martin Ingebrigtsen blei tildelt Hauge-stipendet under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 13. september for den lyriske forfattarskapen sin. – I grunngjevinga har juryen lagt vekt på det leikne og utprøvande i poesien hans, sa juryleiar Pedro Carmona-Alvarez under utdelinga.

– Martin Ingebrigtsen sin poesi tilfører undring og rikdom til det konkrete og kvardagslege. Han leikar med kulturelle referansar og utfordrar oss til, i alle fall i fantasien, å bryta gjennom tenkte grenser. Han er ein verdig vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.  

– Å få dette stipendet er ei dobbel glede, sa ein audmjuk stipendvinnar då han fekk vite om tildelinga. – På den eine sida så er det sjølvsagt ein beskjed om at det eg driv på med har verdi, og at eg burde gjera meir av det. Men det er også ein pengesum som gjer det mogleg. Desse pengane kjem til å gå til keisame ting, som bustadlån, leverpostei og bleier, men det dei eigentleg kjøper, er tid. Og det er eg enormt takksam forsa Martin Ingebrigtsen. 

Om årets stipendvinnar
Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er frå Trondheim. Han debuterte i 2018 med diktboka Riv av seg ansiktet. I 2023 kom samlinga Bukk & Sigd. Denne hausten kjem den tredje diktsamlinga hans Lanse av lys gjennom brystet.  

Grunngjevinga til juryen
Juryen skildrar bøkene hans som leikne og utprøvande, episke og oppmodande, fraktale og rastlause. Poesien blir skildra som lyrisk, biletleg tett, presis og vakker i den eine augeblinken, før han brettar seg ut i refleksiv ordrikdom, degressive sveip, direkte tiltale eller leik, i den neste.  

Prisvinnaren er poet, men også omsetjar, skrivelærar, formidlar og redaktør. – Dette arbeidet viser att i forfattarskapen hans. Det dialogiske og det kollektive er viktige føresetnader for poeten si tenking, og for at skrifta kan bli til, sa juryleiar Pedro Carmona-Alvarez under utdelinga. 

Om stipendet
Det er fjerde gong Olav H. Hauge-stipendet blir delt ut. Stipendet går til ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gjeve ut diktsamlingar eller eigne større songverk, og som gjennom denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.  

Stipendet på 150 000 kroner er finansiert av Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger. Nynorsk kultursentrum og Haugesenteret har oppretta stipendet, og Haugesenteret deler ut stipendet kvart anna år under opninga av Poesifestivalen.

Fagjury
Pedro Carmona-Alvarez, juryleiar, forfattar og musikar 
Kristin Vego, forfattar og litteraturkritikar 
Brit Bildøen, forfattar og representant for Norsk Forfattersentrum  

Tidlegare stipendvinnarar
2018: Erlend O. Nødtvedt
2020: Endre Olsen
2022: Priya Bains