Riktig God Jul!

LYRISK: På Julaften kan søndagens lyrikkspalte plutselig dukke opp på lørdag.

Riktig God Jul!

– fra alle oss  – Vebjørn, Mette, Atle, Nora og Anders – som jobber med BOK365.

Og her kan du høre Øystein Hauge selv lese.

FRAKKEN

av Øystein Hauge

 Det var under formiddagsturen min ned på konditoriet eg reint tilfeldig oppdaga den gamle frakken min. Lagt over stolryggen attmed bordet der ein ung kar sit og et svele og drikk kaffi.

Folk kjem og går i den vintervarme kaféen der tonane frå Jussi Björling blander seg med lydane frå ei dampande kaffimaskin på andre sida av kakebufféen. Eitt og anna snøflak daler ned utanfor vindauget.

Eg ser med ein gong av dei broderte initialane ytst i høgre frakkeermet at det er den gamle, nøttebrune frakken min. Det var søster mi som meinte det var lurt å ha eit diskret lite merke sydd inn. Ein bokstav eller to bare. Som synte kven som var den rettmessige eigaren av den gilde frakken.

Dei sa på Fretex då eg leverte han inn. At dette var ein frakk dei meir enn gjerne tok imot. Det var ein fin frakk, meinte dei. Og at det var kult med dei ørsmå broderte initialane i høgre frakkeermet, sa dei. At det bare var med på å gi frakken ein fin tøtsj av retro. Av noko gammelmodig, nesten.

No sit eg her i eit lett julepynta konditori og ser mot den gamle frakken min, slik den unge mannen har slengt han over stolryggen attmed seg. Mannen som etterkvart ser ut til å ha gjort seg ferdig med svela og kaffien og som no reiser seg for å ta på seg frakken att.

Frå augekroken følger eg nøye med korleis han nærmast litt klossete ifører seg det tunge plagget eg jo kjenner som mi eiga bukselomme. Som om det er første gongen han pakker seg inn i det kneside gevantet med det djuprøde silkeforet. Men etter litt om og men er han der. Og før eg får tenkt meg om er eg i full gang med å kyte av frakken hans.

— Sit fint den! Seier eg brått ut i lufta og utan noko vidare forklaring. — Sit fint frakken din!

Den unge mannen smiler først litt brydd. Før han som senker skuldrene att og tar seg til å stryke med eine handa lett over høgre frakkeermet. Seier han er på veg til bestemor si på sjukeheimen.

— Ho kjenner meg ikkje att lenger, seier han. — Men det er noko med denne frakken. Minner ho om mannen hennar. Bestefar min. Som éin gong i tida hadde ein slik frakk. Eg fann han på Fretex tidlegare i haust. Og det blir til at eg tar han på meg når eg skal besøke henne. Frakken gjer henne så glad. Og no som det snart også er jul…

— Ja. Og så har eg kjøpt med meg ein pose kamferdrops til henne, seier han halvt ironisk og smiler. Idet eg høyrer av knuspelydane at han med eine handa tar eit fast grep rundt dropsposen i den djupe frakkelomma eg veit på ein god dag kan romme ein liter mjølk eller ein middels tjukk roman lett som bare det. Før han forsvinn ut døra.

For minuttet seinare å sende meg eit kort nikk og eit lydlaust God jul, om eg les munnen hans rett. I det han passerer kafévindauget mitt i den stille vinteren utanfor.

Den unge mannen på veg til bestemor si i julebesøk.

I frakken vår.

 


.Med takk til Romsdals Budstikke hvor innlegget er hentet fra.
0 Delinger