Fosse opnar opp: – Ville takke nei til Grotten

60 ÅR: Hans Olav Brenner har laga dokumentarportrettet om Jon Fosse i anledning rund dag og det er blitt bra. Foto: Robert Rønning, NRK.

Dette er det einaste nye i NRKs nye dokumentarportrett "Jon Fosse. Det som ikkje kan seiast", men det er mykje anna fint og sakralt når hopp og sprett og tjo og hei er ferdig etter ca 20 minutt.

Søndag fyller Jon Fosse 60 år og det krev det som no er ei storsatsing frå kulturavdelinga i NRK, men som var meir vanleg før, eit dokumentarportrett på ein time i høve dagen.

Eit stykke uti dokumentaren, medan dei sit i bleikt lys ved eit vindu i Grotten, Statens ærsbustad for fotente kunstnarar, får Hans Olav Brennar lokka han utpå. Jon Fosse fortel at han hadde tenkt å takke nei til invitasjonen frå kulturdepartementet og statsråd (og Fosse-lesar) Anniken Huitfeldt om å flytte inn i Grotten etter Arne Nordheim i 2011.


Dokumentarportrett, NRK:
Jon Fosse. Det som ikkje kan seiast.

Intervjuar: Hans Olav Brenner. Foto: Jon Anton Brekne. Regi: Ninja Benneche.

På nrk.no og i nettspelar i ettermiddag. Sendingar på NRK1 og NRK2 søndag kveld

Men han ville at folk skulle vite at han hadde takka nei. Kvifor, går ikkje programmet meir inn på, men det var så mykje som skjedde desse åra. Han knytta det tynne håret sitt i ein hestehale, han slutta med sprit og fann Gud, konverterte til katolisismen, fann si Anna, skulle bli far for femte og sjette gong.

Til slutt let han seg overtale til å takke ja til Grotten, og det er eit meir avklart menneske som trer fram i denne dokumentaren enn bustehovudet som kom ut på pressekonferansen for Grotten den gong. Han sto der fortumla, som etter ei sein natt, og takka ja til æra frå Staten, med usikker stemme og ristande manus.

Startar som Norge Rundt

NRK-sjåarar er ikkje lenger skjemte bort med djupare dykk i kunstnarskap, liv og lagnad. Eg kan ikkje fri meg frå tanken om at det er mogleg å lage kunstnarisk interessante program på ein almenkanal i 2019 og at det er ei unnlating overfor både litteraturfeltet og samtida om NRK ikkje gjer det.

Ambisjonen her har vore ein hybrid. Jon Fosse. Det som ikkje kan seiast, startar som eit Norge Rundt med alt det hopp og sprett og tjo og hei, all gåinga og helsinga og døropninga Hans Olav Brenner dreiv med i sin periode som bokprogramleiar, men etter omlag 20 minutt snur det. Fosse er varm i trøya, Brenner er varm i trøya. Han spør meir presist. NRK har klippa seg inn på sentrale spørsmål og vågar å vente.

Tivoli Brenner

Programleiar Brenner har vore i Strandebarm, ut og inn, opp og ned, varma opp TV-publikum med ei slags fjernsynsmediets OL-floke, snakka med gammelkarane utanfor daglegvarebutikken, vist nær klisjefylte bilete av færing over fjord, filma nausta ved fjorden og rodd på vatnet (fagleg sett svært svak roing: I ein sekvens ror Hans Olav Brenner vendt feil veg, men ein kan kanskje ikkje vente for mykje sjømannskap frå ein som er oppvaksen i Snertingdal i Oppland?)

Kanskje gjer NRK dette ut frå myta om at Fosse er stille, inneslutta, som ein botnlaus fjord? Eg synes eg høyrer replikkane frå prosessen i redaksjonen (og dette er dikting, altså, men basert på talrike liknande samtalar gjennom åra):

«Ein time om Fosse? Dæven, det blir tungt».

(stillheit)

«Heilt mørkt»

(nervøs hoste)

«Stumfilm, da?»

(Vitsegauken får ikkje latter kring møtebordet, for andre trur faktisk det blir slik.)

Da smell det frå han tause i hjørnet:

«Nokon kjem IKKJE til å kome»

(Bic-penn skrapar i møtebordet)

Så er stemninga laus og ledig ei stund. Krusa har laga kaffiringar på møtebordet. Nokon ser OL-ringane, andre ser Audi, litteraturfolka ser ringar i vatn, men dei tørkar opp før dei går. Mora deira jobbar ikkje i NRK lenger. Så snur sjefen i døra på veg ut og peikar dystert på Hans Olav Brenner, som nikkar så krøllane dansar.

Forestilling om togn

Forestillinga om Fosse er at han ikkje kjem til å gje noko, i alle fall ikkje nok til ein heil time. Men Jon Fosse gjer det, han opnar opp for dei som vil høyre. Hans Olav Brenner høyrer etterkvart:

Han let Jon Fosse snakka seg innpå ei livsdefinerande hending på tunet da guten var tolv år gamal og hugsar å kome tilbake til hendinga seinare i programmet. Før det skal vi enno ein tur til Strandebarm, til ein kar i post i butikk som spelte i Creedencecoverband med ein tynn, langhåra Jon Fosse, men no har alvoret sett seg i programmet. Dei siste to tredelane er godt samtalehandverk. Sjølv innstikk og reiser til studentbyane i Bergen, til teatrets minste sal, til Austerrike (der Fosse har budd sidan 2012) og gåturar, passar i flyten.

Samtalen held fram. Fosse vik unna, Brenner lirkar, dei flirer litt nervøst, lirkar litt til og til slutt er vi framme med vei stort og djupt alvor og absolutt ein av nøklane til å lesa årets roman Det andre namnet. Septologien I-II og leite seg bakover i verka hans. Ein vil sjå nærværet av Gud, eller fråveret av Gud, alt etter som ein les, men eit lys vil vere der.

Rebellen frå garden

Som 16-åring kunne ikkje den opposisjonelle bygdeguten, som fekk Gateavisa i postkassa og veksla mellom å vere marxist, anarkist og kommunist, melda seg ut av statskyrkja fort nok. Vel 35 år seinare, når han, for å seie det på godt nynorsk, er down and out, eit vrak, startar han å søkje seg tilbake etter noko. Helst ser han etter det fellesskapet han fann blant kvekarane. Ikkje nokon preikestol, ikkje skriftinga, men samhaldet og stillheita, at ein hjelp kvarandre nærare noko ein opplever som «Gud» (det som ikkje kan seinast).

I programmets siste del er vi i en katolsk kyrkje i Wien. Lyset er perfekt, intensiteten i samtalen. Eg blei rett og slett kraftig rørt av slutten. Forfattaren si lengt etter Vestlandet, fjorden, fjella, har sjølvsagt noko med det å gjere. Meir komplisert er ikkje Jon Fosse, men likevel så kompleks.

Å lita på stillheita i tv

NRK gjer skikkeleg jobb her. Om dei kunne ha latt det vere litt mindre Brenners tivoli i starten, hadde dette vore ein heilstøypt time, ein sakral time med kunsten, Heideggers synsvinklar, lengta etter noko større, muren kring privatlivet, dei første skriveåra, hotshot-åra med kanapear og morgonvin, lunsjvin og kveldsvin over heile verda. Neste gong lit programskaparane NRK enda meir på verdien av stilleheita og lyden av det usagte. Det har i alle fall Jon Fosse lukkast brukbart med.

VIDAR KVALSHAUG

Programmet finns i NRKs nettspelar kl 1500 i dag og blir sendt i NRK 1 og NRK 2 søndag.