Hun står bak flere sakprosautgivelser. Nå debuterer hun med en roman hun har brukt ti år på å skrive.
Forfatter: Ingeborg Askeland (76)
Aktuell med: Margretesirkelen, Spartacus forlag
Boka handlar om ei kvinne med kunstnarevner, som veks opp på kongsgarden Luro i Lindås utanfor Bergen på 1300-talet, og om hennar liv på lyngheigarden og seinare i Bjørgvin. Det er ei forteljing om kjærleik og vondskap i ei tid med pest og kriser, og om korleis kvinner held saman i eit hemmeleg fellesskap som gir styrke og framtidstru i ei tung tid.
Hvorfor skrev du akkurat denne boken?
Eg stod på tuftene etter ein lyngheigard, som har vore øyde sidan 1300-talet, og såg for meg dei som levde der. Eg tenkte meg korleis det var å vera kvinne då. Bak soga om menns storverk og krigar, er ei gløymd soge om kvinner. Den ville eg fortelja.
Tre favoritter:
Gabriel Scott: «Det gylne evangelium» og «Kilden». Desse bøkene las eg som ung. Dei har mykje livsvisdom i seg, eg har ofte tenkt tilbake på dei.
Karin Fossum: «Elskede Poona» og andre av hennar bøker. Ho fortel gode krimgåter, samstundes skildrar ho personar som sit fast i minnet.
Sigrid Undset: Trilogien «Kransen», «Husfrue» og Korset» om Kristin Lavransdatter har gjort menneske i mellomalderen levande for oss på ein slik måte at vi trur dei har levd.
Uslipt diamant
Bjarne Nordbustad: «Stjerner og jord». Han skriv dikt, oftast korte og aforistiske, med sterke bilete. Dikta har både humor og djupt alvor.
Sist leste bok:
Jon Fosse : «Trilogien». Han skriv på ein uvanleg måte, forteljinga liknar bølgjer som rullar fram og dreg seg tilbake, så rullar dei litt lenger fram att. For meg er det ei blanding av poesi, skodespel og roman, fortalt med få ord.
Hvordan jobber du?
Eg bruker mykje tid på å planleggja og setja meg inn i tida og stoffet eg skriv om. Så lagar eg filmar i hovudet og skriv dei ned når eg finn tid, oftast om nettene. Eg må ha ro til det. Til slutt kjem tida for stryking og revidering, då blir sjølvdisiplinen sett på prøve. Denne boka er blitt til over meir enn ti år.
Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?
Eg skulle svært gjerne ha hatt eit intervju med Kristin Lavransdatter!
Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?
Eg trur det kan bli Jon Fosse.
Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?
Begge deler, eg bruker lite tid på det.
Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:
Bok365.no og Littkritikk.no er gode å ha for å kunna følgja med.
På bar med Knausgård eller middag med Dag Solstad?
Dag Solstad. Det ville vore interessant. Men vi ville vore usamde om Olav Duun.
(Hovedfoto: Spartacus forlag)