For flat prosa frå naturtalent

Det som ligg bak "Heim" ser ut som som eit påfunn, ikkje ein idé. Ho er heller ikkje blitt ei naudsynt bok. 

I 1988 dro Hallgeir Opedal frå Odda til Oslo i ein Mazda 818 lasta med sengeklede, klokkeradio og ein yuccapalme i baksetet pluss nokre fleire eigedelar. Viktigast av alt var attesten frå redaktør Øivind Madssen i Hardanger Folkeblad der det sto: «Etter mi meining er Hallgeir Opedal eit journalistisk naturtalent».

Det gjekk bra med den unge journalisten og Hallgeir Opedal har gitt ut ei rekke bøker, mellom anna barnebøker på nynorsk hos Samlaget og roman på bokmål hos Kolon.

Heim til nynorsken

I Heim, igjen på Samlaget, set han goretexstøvelen hardt ned:

Det er mange som i vår biografi har ein fysisk plass vi kallar heim, ein stad der vi har røta oss, og då snakkar vi ikkje om det veike, blodlause «hjem», men det kraftfulle imperative «heim». 

I denne setninga nyttar han ein variant av å «rota seg» og dette kan sjåast som eit nikk til vestlandslitteraturen og Kjartan Fløgstad som vel sa at ungdomane «drog til byane for å skapa seg.»

Finurleg, men ikkje nok

Opninga har desse finurlege observasjonane der han også legg lista høgt for lesaren. Dette er noko til lovnad for dei neste to hundre sidene:


Hallgeir Opedal:
Heim. Ei vandrehistorie
Sakprosa
Samlaget
236 sider

Eg står på toppen av livets fjell. Ser eg meg tilbake, kan eg sjå dalen der eg blei fødd. Ser eg fram, kan eg skimte dalen der eg skal døy. Herifrå kan eg sjå alt i samanheng. 

På same vis har han ei tvetydigheit i undertittelen: «Ei vandrehistorie». Utgjevinga er heller eit fråvér av ei historie bak, ein motivasjon til å gå. For det er femtiårskrisa, dette, det er forfattaren open om. Eit kvart tiårs krise er vissa om at døden ventar. Det ser ut til å vere ei rådande haldning blant menn i vår alder og kanskje vestlendingane har meir av dette enn andre?

Det som ligg bak Heim ser ut som som eit påfunn, ikkje ein idé. Ho er heller ikkje blitt ei naudsynt bok. Boka er triveleg, likandes. Jo har humrestadar og gjenkjenning, men diverre er det ikkje nok språklege utfordringar, tankekraft som blir til nye erkjenningar eller noko som gir lesaren ei større innsikt. Det blir ein alminneleg gåtur, også i prosaen. Opp på eit fjell, over fjellet, ned frå fjellet. Lars Sponheim gjorde også dette da han kom inn på Stortinget i 1993, andre vegen.

Forteljarens dødvinkel

Mange forfattarar kjem unna med slike bøker, men Hallgeir Opedal har gjennom nokre tiår vore ein god stilist i både lange og korte format i Dagbladet og har dermed sett ein standard. Heim er for mykje dag-til-dag-journalistikk og dagboknotatar og for lite originalitet. Han vandrar gjennom andre(s) forteljingar, familiehistorie og myter, i reine eventyrlandskap, men han flyttar ikkje forteljarvinkelen frå seg sjølv. Kva om reven i skogholtet hadde fortalt om den einslege vandraren på sprukken asfalt? Kva om elvene, Aasmund Olavsson Vinje eller Haukelitunnellen fekk ordet? Kva om lengta og spriket mellom røyndom og draum var ei enda større drivkraft?

Ei journalistisk bok

Det er kanskje ikkje rett å vente seg meir av Hallgeir Opedal enn andre som skriv i sjangeren gå-filosofi. Tomas Espedal, Erling Kagge, Rebecca Solnit, Paolo Cognetti og mange andre har vandra før Opedal, men ingen av dei hadde attest frå redaktør Madssen på at dei var journalistiske naturtalent.

Heim er blitt ei journalistisk bok meir enn ei litterær undersøking. Likevel ligg lista litt høgare enn dette. Meldaren ønskar seg ikkje ei anna bok, men ei meir original og meir reflektert bok med litterære overraskingar – slik dei fleste turar har – om ein er villig til å sjå dei. Eller som klisjéen manar til: Å gå den ekstra mila.

VIDAR KVALSHAUG