Fokus på seksuell trakassering

MED LITTERÆR SALONG: Olaug Nilssen (Foto: Bernt R. Synnevåg)

Olaug Nilssen har fått med seg eit stjernelag av forfattarar til litterær salong om seksuell trakassering på Litteraturhuset i Bergen.

Olaug Nilssen har fått med seg eit stjernelag av forfattarar når ho arrangerer litterær salong om seksuell trakassering på Litteraturhuset i Bergen.  Ei rekke aktørar i bokbransjen støttar arrangementet, som blir ei viktig markering, skriv Norsk Forfattersentrum i ei pressemelding.

Fritt fram?

Agnes Ravatn skreiv i vinter ein kronikk i Aftenposten om at det var «fritt fram» for seksuell trakassering i bokbransjen. Ho skreiv at bokbransjen ikkje hadde tatt til seg innsiktene frå #metoo, sjølv om det har gått tre år sidan kampanjen rulla over verda. Ravatn peika på at bransjen består av mange frilansarar, og at det difor ikkje er nokon opplagt stad å melde frå dersom ein blir utsett for seksuell trakassering, noko som gjer det vanskelegare å få bukt med problemet.

Digital litterær salong

Etter dette gjennomførte bokbransjeorganisasjonane ei undersøking om seksuell trakassering i bokbransjen. Olaug Nilssen har engasjert seg i tematikken, og arrangerer ein digital litterær salong på Litteraturhuset i Bergen 22. januar. Der blir det appellar, opplesingar og panelsamtale om temaet seksuell trakassering, og Nilssen har fått med seg ein stor forfattargjeng til å bidra; mellom andre Agnes Ravatn, Sandra Lillebø, Hanne Kristin Rohde, Pedro Carmona Alvarez, Marta Breen, Endre Lund Eriksen, Joanna Rzadowska, Tine-Jarmila Sir og Birger Emanuelsen. Arrangementet blir støtta av ei rekke aktørar i bokbransjen, både Forfatterforeningen, Forfatterforbundet og fleire av våre største forlag bidrar til gjennomføringa. Alle interesserte kan følgje strøyminga frå Litteraturhuset i Bergen sin youtube-kanal.