Falkeid runder 80

Vår folkekjære lyriker Kolbein Falkeid fyller 80 år i dag og hylles på mange kanter. Han feires med dette diktet av en annen rogalandspoet, Helge Torvund.

 

MJUKE BRENNINGAR
Til Kolbein Falkeid

Åtti gonger har jorda skifta farge
Lyset har kome som eit egg
i våren sitt reir
Åtti gonger
Så mykje!
Så svinnande lite!
Ein kjølig vind gjennom håret
Eit kyss frå eit barn
Eit stikk av lynet si nål

Du drog ut
Kaiane blenkte vestlandsvåte
bak ditt reisande hjarta
Tårene vinka frå hamnene
under den varme månen

Du gjekk gjennom merkelege gater
fulle av små barar og magre hundar
Du såg havet skriva ei linje
og du drog av stad for å lesa ho

Du kom attende
med ei sol i lomma
med ei tamtamtromme i hjarta
og med ein sjø av lyng i blikket
Du lytta til verdas munn
og ein dag tok du til å tala
med autoriteten til eit barn

Me lærde deg å kjenna
som ein som kunne språket
Du kunne gjera deg forstått
av alle som lengta
Du roa ned den nervøse morgonen
som kom med smale sko
over natta sitt teppe

Me lærde å kjenna
glad-jazz smilet ditt
men du slo oss
med eit mørker av uro
Du lo godt
av våre einslege bussreiser
men du hadde ømhet i låtten
Du såg at me reiste i ring
men du ville ikkje la oss døy
i baksetet utan namn

Du snudde deg vekk
men me visste
at stjernene gret
for å visa deg
orda du leita etter

Åtti gonger
har våren kasta sitt teppe
framfor føtene dine
og vist deg ein plass
du kunne sitja
Du brettar ut ein pakke tobakk
myser mot himmelen i vest
og røysta di tek til å bølgja
som mjuke brenningar
kring den lysande panna di

Helge Torvund

 

 

PS. Hvis noen av våre lesere skulle dra kjensel på dette, bør det nevnes at diktet opprinnelig ble skrevet til Falkeids 60-årsdag i 1993 og ble publisert i Torvunds diktsamling Salt (Samlaget, 1994). Dette er altså en lett oppdatert versjon av et dikt som definitivt fortjener en reprise.