Estland-pris til norsk debutant

INGEN VANLEG DEBUTANT: Øyvind Rangøy debuterte på estisk og i helga var han i Tartu for å motta prisen. Foto: Privat

Dette er ei uvanleg historie om ein diktar frå Vestlandet, ein pris i Estland. Og innvollar.

Sisikond er tittelen på estisk. Det er Innvollar på norsk.  I helga vann boka med denne tittelen Det estiske forfattarforeiningas debutantpris, ein pris ikkje ulik Tarjei Vesaas’ debutantpris.

 – Gratulerer med estisk debutantpris. Men vi finn ikkje boka på norsk?

VINNARBOKA: «Sisikond» på estisk, «Innvollar» på norsk.

– Takk for gratulasjonar! Ja, dette var sjølvsagt ei stor overrasking. Denne boka vil truleg ikkje finnast på norsk i denne forma. Det er kanskje noko med det eksakte utvalet som har eit slags implisitt estisk perspektiv i seg, som det for ein norsk lesar vil vere krevjande å oppfatte. Derimot er det mykje stoff i boka som finst på norsk i manuskript eg har liggjande.

– Kva kontakt har du med norske forlag?

– Eg er i prosess med eit norsk forlag no, om det som kan bli ei norsk debutbok. Det er for tidleg å seie når, men det må jo bli noko for norske lesarar også, no når estarane har fått si bok. I mellomtid finst mine dikt på norsk i ei rekke antologiar, særleg i Cappelen Damms populære serie. Der finst også gjendiktingar av estiske poetar, seier Øyvind Rangøy.

– Kva bakgrunn har du?

– Eg er frå Rangøya, ei fem hundre meter lang øy ved Averøya på nordmørskysten, med ein far som var trålfiskar og ei lærar-mor frå eit småbruk i Innfjorden. Som mange frå denne kanten av landet har eg altså både fiske og jordbruk med meg– og både Nordmøre og Romsdal, hav og fjord. Etter vidaregåande, eit år på bibelskule og ein sivilteneste endte eg opp i Estland, der eg har mi primære universitetsutdanning som estisk-filolog frå Universitetet i Tartu. Kontakten med poesien kom gjennom gjendikting frå estisk. I utgangspunktet som førebuing til dette ramla eg inn på Diktkammeret, som for meg vart ein viktig poesiskule. Forumet eksisterer framleis, eg er i dag teknisk ansvarleg.

– Kvifor Estland?

– I 1998 stod eg ved sløyebenken ved det som då heitte Henden Fiskeindustri. Ei estisk jente hadde også sommarjobb der, og ho spurde meg kva det kallast, dette vi tek ut frå fisken. «Tja, innvollar,» svara eg til den dyktige norskeleven: «Og kva heiter det på ditt språk?» Dermed lærte eg ordet «sisikond», som vart mitt første ord. Litt seinare møtte eg ho som skulle bli kona mi, og det første eg sa til henne var: «Eg kan eit estisk ord.»

Og straks var eg i gang med å spørje henne om fleire ord, og kjærleiken også til språk førte meg både til ekteskap og til estisk-studier.

 – Er dikta skrivne på estisk?

– Folk spør meg ofte om eg skriv først på norsk eller estisk, og om eg set om eigne dikt. Svaret er at eg kan skrive på begge språk først, det kjem en på kva språk eg «er i» når inspirasjonen kjem. Derimot kan eg også gjenskape dikt på det andre språket, men eg vil ikkje sjølv kalle det omsetjing, fordi eg står mykje friare enn ein omsetjar. Eg seier heller at mange dikt har søsken på det andre språket. Fleire av dikta i boka er skapt på estisk, fleire andre er «gjenskapt» på estisk. For meg er det prinsipelt viktig å halde på at det er estisk originallitteratur. Eg er medlem i den estiske forfattarforeininga og har tett kontakt med det litterære miljøet i landet, fortel Øyvind Rangøy.

– Vi trur vi har språkmektige lesarar, men kan vi få eit dikt frå boka – på norsk? 

– Eg kan gi eit dikt som er skapt på norsk, men som også har ein «bror» som finst som åpningsdikt i den estiske boka. Innhaldet er temmeleg likt.

Det fanst ei tid båtar kom heim.
Rullande kom dei og fedrane hadde store støvlar. Framleis går berget bratt ned frå teppet av lyng og gult gras, ned svarte sleipa dit taren er som ein vaksen mann, uraka.
Med gamle dønningar i ryggen kom dei heim og under kaiene var ruren, vinkande englar som slitne mødrer i vatnet som flødde og fall. Og blikket leita og fann, fargerike kuler og flagg, blåser og nøter mot veggar og ein søt røyk av diesel. Det var framtid i dette som ikkje fanst, og framleis kjem floa inn, klår over taren som flytande lys,
mørkt lagra.