Ein tidlegare anonym poet

”Å skriva dikt er ein måte å snakka med seg sjølv på”. Det seier månadens poet i Diktkammeret, Aksel Lyngholm.

Månadens poet trer ut av anonymiteten. Bak nicket A. Toskeniki Osken, står tobakkshandlar Aksel Lyngholm frå Haugesund.

 

– Eg hadde ikkje fått med meg nomineringa og vart difor svært overraska då eg så meldinga om at eg var månadens poet. Og glad, sjølvsagt! Det er gildt å bli plukka ut og få vita at noko ein skriv har kvalitetar andre kan sjå.

Orda tilhører A. Toskeniki Osken, septemberpoet i Diktkammeret. Han brukte nokre dagar på å summe seg: Skulle han stå fram som privatperson eller ikkje? Då han hamna i ein månadsfinale tidligare, var han nøgd med å halde på anonymiteten. Men nå bestemte han seg  altså for «å røpa kven Osken er av kjøt og blod i den handgripelege verda.»  – Ein kan ikkje alltid leva under ein stein.

 

Gulrot å knaska på

osken_shBak orda, og nicket A. Toskeniki Osken, står altså Aksel Lyngholm og smiler i barten. Han bur i Haugesund, der han og kona driv ei tradisjonell tobakksforretning: – Av det slaget som framleis har hyllene fylde med synlege tobakksprodukt. Eg er snart femti og har levd av dette heile mitt vaksne liv, fortel han.
– Kor lenge har du vore med i Diktkammeret?
– Eg byrja å senda dikt til Diktkammeret hausten 2011. Det var litt skummelt. Eg hadde tutla med tekstar lenge før det, men det å ha eit publikum, som gav ros og ris, og vera ein del av eit miljø der det å skriva dikt var heilt normalt, var nytt og spennande. Å skriva dikt er jo i grunnen ein einsam syssel. I Diktkammeret blei syslinga litt mindre einsam. Det var stort å få seriøse kommentarar og bli tatt på alvor.

 

Fleire pseudonym

– Kva har Diktkammeret hatt å seie for skrivinga di? Har du òg nytta andre nick?

 

– Å ha Diktkammeret å gå til, har nok gjort sitt til at dikt som spirer, og elles kunne ha visna igjen, har fått vakse opp til ferdige tekstar.

Han fortel: – Under namnet Osken har eg berre posta eit par hundre, men eg har skrive under andre pseudonym i tillegg – tekstar av ganske ulik karakter. Den mest opplagde skilnaden er målforma. Eg har vakse opp med nynorsk i grunnskulen, men bur og har arbeidet mitt i ein bokmålskommune og nyttar bokmål som det daglege skrivespråket.

Når eit dikt blir fødd i hovudet mitt, skjer det anten på nynorsk eller på bokmål, like naturleg som eit barn blir gut eller jente. Men Osken er svoren nynorskmann; det kjem eg ikkje ifrå.
Lyngholm er spent på korleis livet til A. Toskeniki Osken blir vidare – ”no når han, bokstaveleg talt, har røykt seg sjølv ut or det trygge hiet anonymiteten har vore”, seier han.

 

Pausar og raptusar

– Kor mykje skriv du?

osken_img_1474– Eg er ikkje masseprodusent av dikt. Det kan gå temmeleg lange periodar der eg så godt som ikkje skriv noko som helst, så kan eg få ein raptus der eg skriv opptil fleire dikt til dagen. Men inni hovudet skriv eg nok meir enn eg sjølv er heilt klar over, det å gjera usynlege skriveøvingar, klemma og forma på ord og setningar har eg vel drive med så lenge hjernen har hatt språk.

Etter kvart kom eg til å tenka på, at om eg ikkje snart byrja å setja noko ned på papiret, ville det heller aldri bli noko slags litterære produkt ut av det. Det vart mange lause lappar, som eg seinare fann att i ulike lommar, og stukne inn her og der. Etter kvart blei dei putta i tome sigarskrin. Der ligg dei visst enno. No er eg blitt flinkare til å forfylgja ideane, ikkje la dei smetta unna. Men det er alltid nokon som lurer meg. Eg finn framleis lappar, fortel Lyngholm.

 

– Ein god snadde og døra open

– Kva utløyste månadens dikt – var det ein spesiell situasjon, ei kjensle, eit minne? Har du erfaring med krabbefiske?

– Månadens dikt vart til nett der diktet tek til. I kjellaren på hytta ved fjorden med ei god snadde, døra open, og røyken som siv ut. Eg skulle faktisk henta og koka krabbe. Men diktet har noko meir enn krabbe å by på. Om eg har vore heldig finn lesaren ut av det – på sitt vis.

Vi les og leitar, på kvart vårt vis – og gratulerer både Lyngholm og Toskeniki Osken!
Her er dette årets septemberdikt:

Inst i oss er stupet

På ein krakk
ved den opne kjellardøra
har eg kaffi og morgonsnadde
utanfor spreier den blå røyken seg
til små, sinte englar

eg går til hamna
dreg opp krabbekista
slengjer tre daude kjerringar
på berget

måkane sirklar, stuper
den grå septemberfjorden
pustar fortare

eg fyller bøtta
lungene med sjøluft
plaskar kista uti

på veg heim kjem regnet
krabbane trykkjer seg saman
trøystar seg med småprat
om stinter, sand og tare

dei veit ingenting
om kokande vatn

A. Toskeniki Osken

 

Her er Helge Torvunds jurykommentar:

 

Det kalde ukjente stupet

Her har me ein dikttittel som rører seg tett opptil dei poetiske klisjeane. ”Det djupe”, det som er ”inst inne” og andre slike djuptloddande uttrykk kan fort laga eit litt maniert bilete av vårt indre, slik mange diktarar har gjort opp gjennom tida.

Det som får denne tittelen til å fungera så sterkt og elegant her, er at det står ingenting i sjølve diktet som byggjer vidare på eit slikt bilete. Me får i staden ei konkret skildring av ein kvardagsleg situasjon ved sjøen. Rett nok vert røyken frå pipa til krabbefiskaren til ”små, sinte englar”, og tre gåtefulle ”daude kjerringar” vert slengde på svaberget, men heilskapen er ei kjensle av konkret og tydeleg maritimt morgonlandskap, med sjøluft og måker, plask og krabbar i ei bøtte.

Men så er det den siste linja, då. Døden som ventar. Krabbane som uvitande om dette småsnakkar om stinter og sand. Diktaren løfter dette konkret med seg heimover i bøtta, men løftar òg dette biletet opp og får det til å klinga saman med tittelen, slik at krabbane i bøtta etterkvart går i eitt med ’oss’ i tittelen – og der sit diktet! Det rolege, kvardagslege biletet, og det kalde ukjente stupet, felles for alt liv. Eg må tenkja på følgjande haiku av Basho, her i Paal-Helge Haugen sin versjon:

Ein fanga blekkprut
drøymer ein kort draum

 

Under sommermånen
For juryen,

Helge Torvund

(I juryen sit òg Kristian Rishøi og Maria Børja.)

God skrivehaust! Og hugs at Diktkammeret er ope kvar dag, heile døgnet.

 

TorvundBild
For juryen: Helge Torvund

 

Diktkammeret

Diktkammeret har sidan 2001 vore eit forum for dikt. Det er ope kvar dag, heile døgnet. Diktlærar Helge Torvund kommenterer utvalde dikt, og kvar månad kårar juryen eit utval finaledikt og ein månadens poet.

Fram til 1. april 2015 var Diktkammeret drive av Dagbladet. No lever Diktkammeret som ein sjølvstendig nettstad på Diktkammeret.no og på BOK365.

Meir enn 40 poetar har debutert som forfattar etter å ha starta skrivinga på Diktkammeret. Det har òg vore publisert fleire diktkammerbøker, sist jubileumsutgåva Å våga seg ut i ord på Samlaget i 2011.

 

(Forfatterfoto: Privat)