Ein stabel av kjærleik

– Nett nå står me framfor eit av dei største gjennombrota i norsk poesi nokon gong, meiner Helge Torvund, aktuell med lyrikksamlinga «Skal me leggja ein vedstabel saman».

Kvifor blei det deg og lyrikken, Helge Torvund?

– Ingen kan vita slikt heilt og fullt. Eg byrja formulera historier i ei skrivebok omtrent så snart eg var i stand til å lage enkle setningar. Eg fann òg tidleg boka Digte av Johan Herman Wessel som stod ganske lågt i bokhylla til mor. Der oppdaga eg ei verd som fascinerte meg. Teikningane til Kittelsen var nok inga hindring for fascinasjonen. Mor skreiv sjølv dikt i hytteboka, prologar til Husmorlag og andre arrangement. Eg gjekk vidare til Wildenvey, Bjerke, Børli og så Rolf Jacobsen og Stein Mehren. Svært mykje av det eg skreiv i den første tida var på bokmål. Så kom det ei tid med Jan Erik Vold, og ikkje minst Økland, Paal-Helge Haugen, Tor Obrestad. Med Olav H. Hauge ruvande i bakgrunnen. Språket vart nærare, kvardagen min kom tettare på i diktinga.

 

– Var ikkje særleg praktisk av meg

Helge Torvund fekk òg mange impulsar frå britisk pop-poesi og tekstane til store songarar, låtskrivarar og band; Donovan, Baez, Dylan, Cohen, Incredible String Band, Byrds og Liverpool Scene.

– Kanskje hadde denne interessa noko å gjera med at eg ikkje var særleg praktisk av meg, ikkje hadde større interesse for bilar, motorsyklar, fotball eller verktøy.

For unge Helge var det viktig at han hadde ein bror som var oppteken av moderne biletkunst og dikting:

– Han vart bilethoggar. Eg fann mitt felt i skrivinga: Eit område der eg kunne halda på og halda på utan å verta lei, og der det var uendeleg potensial for forbetring og læring. Eg «debuterte» med eit dikt i skuleavisa på ungdomsskulen; «Pessimist frå skulepulten», og eg hadde dikt i avisa på Bryne Gymnas. Så vann eg ein landsomfattande diktkonkurranse då eg var 17 år, og fekk dette valet forsterka. Kontakten med det japanske haikudiktet førte meg til livshaldninga som ligg bak dette, noko som vart ein livslang interesse for det området som i dag er mest kjent under moteordet «mindfulness».

 

TorvundBild

 

– Neruda er ufatteleg rik, og ujamn

I «Skal me leggja ein vedstabel saman» finn vi dine beste kjærleiksdikt?
Eg var svært glad for at Vidar Kvalshaug i det nystarta Kvalshaug forlag ringte og sa at nett eit utval av mine dikt, var noko av det han verkeleg hadde lyst å gje ut. Det tok oss bare minutt å finne ut at det måtte bli kjærleiksdikt. Eg sa det, og han sa det var godt at eg sa det for han hadde tenkt å seia det.

Kva for eitt av dine eigne dikt betyr mest for deg?  

– «Tolv tusen dagar og netter», på andre plass «Kartlegg lengtinga sine rørsler». Begge er med i dette utvalet.

Håvard Rem og Bjørn Eidsvåg har skrive for- og etterord til samlinga.

Har du nokre eigne førebilete?

– Marc Chagall er eineståande og inspirerande. Pablo Neruda er ufatteleg rik, og ujamn. Eg må innrømme at det var ein spesielt god augeblenk i forfattarskapen då Neruda-omsetjaren Kjartan Fløgstad skreiv til meg etter diktboka Alt er høy hadde kome ut: «Nerudiansk i velde, dette her». Han skreiv og at det var godt å sjå at nokon arbeider med ei lyrisk dikting som omfattar store delar av det verkelege. Og «når eg er ferdig med langorvslåtten i sommar, og har høya, kjem eg til å sjå på graset med nye augo», og dette til saman er vel ei god skildring av kva eg som poet gjerne vil oppnå. Vonar Kjartan kan tilgje at eg siterer han her.
 

Jarrett og DeJohnette

Kva er den største skilnaden mellom lyrikaren Torvund anno 2014 og den debuterande lyrikaren Torvund anno 1977?

– Eg forstår ikkje at det skal vera så vanskeleg å svare på det der. Men det må jo vera fordi eg ikkje veit det. «Hendene i byen» er dyster. Dikta mine er nok blitt lykkelegare og rolegare. Medkjensla med liding finst der nok framleis, men eg har resignert når det gjeld alt eg ikkje kan gjera noko med, og sankar fruktene av det eg kunne få til.

Kva les du helst? Andre kulturpreferansar?

– Eg les mykje og variert, leitar og søker, botanikk, historie, essay om det meste. Avansert og enkel litteratur om Zen og meditasjon er ei viktig inspirasjonskjelde for meg. Haikudikt, helst av dei store poetane. Kinesisk dikting. Orda til Neruda les eg om att og om att og finn nye gleder ved dei og ved verda. Keith Jarrett sine solokonsertar og nokre av konsertopptaka med andre fine musikarar, seier Torvund.

– Nett nå er det Changeless med den fabelaktige bassisten Gary Peacock og trommeslageren Jack DeJohnette. Det er nok ikkje heilt tilfeldig at platecoveret har ein såkalla ensō, ein Zen-sirkel på framsida. Biletkunst frå Bosch til Bonnard, frå kinesisk tusjteikning til keramiske skulpturar av Jens Erland. Tusen uttrykk, tusen inntrykk og tusen flygande assosiasjonar som eg kan plukke ned og feste med bokstavar i linje etter linje.

 

IMG_1900

 

– Står godt til med lyrikken

Helge Torvund er svært aktiv på sosiale media, blant anna med sine daglege twitter-meldingar.

Kva betyr dette for deg? Får du mange tilbakemeldingar frå dine fylgjarar?

– Tidlegare var eg aktiv som psykolog på skular og barnehagar, møtte veldig mange menneske som eg måtte halde kontakt med i det dagelege, med vaken merksemd og inderlegheit. Eg reiste òg ein del rundt og las opp og heldt foredrag. Etter at eg måtte gje opp psykologpraksisen og trappe ned på reisinga grunna etterverknadane av ein kreftsjukdom som eg elles vart kvitt, oppstod det kanskje eit visst tomrom? Eg har elles nytta mange kanalar for å spreie min og andre sin poesi før òg; utstillingar, songtekstar på CD-ar, dikt på restaurantveggar og menyar, radio og TV. Så nå nyttar eg òg desse nye kanalane. Det er naturleg for meg. Eg har jo arbeidd med poesi på nett i «Diktkammeret» heilt sidan 2001.

Kva trur du om lyrikken framover?

– Eg tenkjer som så: Lyrikken har halde på ein posisjon blant menneska sidan det gamle Egypt, sidan nord-amerikanske indianarar song kring leirbålet, aztekarar laga dikt til maisguden, og kinesarane har halde på ei stund. Høgsongen er med i ei av dei mest selde bøkene i verda. Når ein så tenkjer på kor lita stund Framstegspartiet har hatt nokon posisjon, så kjenner eg ikkje på meg at poesien er truga. Kor stor lesar og lyttarkrins ein har vil variera. Men denne er som regel ein god del større enn kva mange media og dei som ikkje er interessert kan oppfatte.  Folk lyttar til poetane sine tekstar medan dei køyrer på jobb. Dei veit bare ikkje alltid om det, for dikta er framført som songar. Og alltid vil det koma nokre unge, bleike menneske med melankolske auge inn på biblioteka og saumfare lokalet før dei set kursen mot lyrikken. Det står godt til med lyrikken her i landet, og nett nå står me framfor eit av dei største gjennombrota i norsk poesi nokon gong. Slik liker nå eg å tenkje.

 

 

 (Foto: Kvalshaug Forlag)