– Ei reise i seg sjølv

FRAMSNAKKING: Maren Ingeborg Hvamstad beveger seg både til lands og til havs når hun avslutter årets spalte.

Det er kanskje ikke naturlig å be Jon Fosses forlag å sette punktum, men slik ble det i år. Maren Ingeborg Hvamstad, redaktør for skjønnlitteratur i Samlaget er siste kvinne ut i vår Framsnakker-spalte. Her har BOK365 gjennom desember utfordret en rekke forlagsfolk til A) å løfte frem en bok fra eget forlag som ikke har fått den oppmerksomheten den fortjener, og B) å velge en bok fra et konkurrerende forlag.

Blant våre fremste poetar

Maren Ingeborg Hvamstad synes vi har gitt henne et tøft oppdrag:

– Det er brutalt å berre få lov til å trekke fram ei bok! Det er veldig få bøker som faktisk får den merksemda dei fortener, og alt for mange som ikkje får det. Eg lar det stå til: Hildegunn Dale er blant våre fremste poetar, og ho kom med si sjuande diktsamling no i november. Rapportar frå havet er basert på loggboka frå den årslange seglasen forfattaren sjølv, med mann og dotter, la ut på for nokre år tilbake. Kva skjer når ein legg det vanlege livet bak seg og gir slepp på tid og stad? Det er også ei utforsking av kva som skjer med språket langt til havs, og det skjer nydelege ting! For landkrabbar som meg er det dessutan spennande å sjå stader eg har besøkt frå ein annan vinkel, Portugal, Azorene, Marokko. Vante sjøfolk får i tillegg eit friskt blikk på båtlivet. Og for dei som treng ei pause no i jula, er denne boka som ei reise i seg sjølv, ut på havet og inn i språket. Omslagsdesignet er ved Magnus Osnes, forfattaren sjølv står bak fotografiet på framsida.

Kjærleik og frustrasjon

Så var det anbefalingen fra et annet forlag:

– Eg vil gjerne tilrå Tiril Broch Aakre si bok, Mødre og døtre, som er utgitt på Flamme forlag. To vaksne døtrer prøver å nøste opp i trådane etter moras sjølvmord. Det er sterkt og personleg, og imponerande usentimentalt. Tapet av mora er gripande i seg sjølv, men det som kanskje gjer like stort inntrykk er møtet mellom dei pårørande og helsevesenet. Her har noko gått veldig gale, og det blir framstilt sakleg og uhyre presist. Ei god og viktig bok, med framifrå design av Aslak Gurholt. Her finst mykje kjærleik og mykje frustrasjon på tjukt papir mellom raude permar og svarte skiljeark.

 

(Foto: Sara Berntsen)

81 Delinger