Dette er andre dagar: DEAD

DIKTAR FRÅ VÅR TID OG VÅRE DAGAR: Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audestad

Nye, lange dikt frå Ruth Lillegraven - og eit lite lån Frå Bruce Springsteens "Better days", om vi skal tru fiksjonen.

Først da Ruth Lillegraven hadde funne tittelen Dette er andre dagar på si siste diktsamling, såg ho at det blir DEAD når ho trekkjer det saman. Denne tolkinga heng sjølvsagt på at eg-personen i dikta og eg-personen Lillegraven er den same. Slikt skal ein ikkje alltid lite på, men det er mykje i desse dikta som treff rett inn i faktabasen i alles liv: Dette er koronadikt, dei utskrivne versa om den rare tida som råka oss i mars og som enno ikkje har nokon ende. Kanskje er alt endra for godt?

Dikta spekulerar ikkje, men skildrar. Dette er ei form vi kjenner igjen frå Ruth Lillegravens tidlegare utgjevingar, som Urd (2013), Manilahallen (2014) og Sigd (2016), men her går ho ikkje inn i generasjonane eller lenge levde liv. Dette skjer her og no, det er som ein uhyggeleg rapport på Dagsrevyen, ein scenario ingen heilt trur på.

Ruth Lillegraven meistrar denne langdiktforma og fortel om det nære og fjerne om kvarandre, som for å utlikne, som for å trøyste både seg sjølv og lesaren om at dette går bra til slutt. Først og fremst skilrar ho.

Vi siterer her frå opninga av prologen, som var publisert på nynorsk.no allereie i mars 2020, altså var det blodfersk litterær rapportering.

 

det er færre

fly, båtar og bilar

mindre røyk frå

pipene i kina

 

himalaya kan

sjåast frå india

 

himmelen stilnar

himmelen klarnar

 

fiskeørna kjem tilbake

dagpåfuglauga faldar ut

vengene for første gong

 

nokon har meir tid

mange har mindre tid

alle har anna tid