– Den tok pusten frå meg

Liv Randi Djupvik Knotten, butikkleiar hos Norli Ulsteinvik (foto: privat)

DESSE ANBEFALER EG: – Har du ikkje lest den, bør du skaffe deg eit eksemplar i dag, seier Liv Randi Djupvik Knotten om «Og bakom synger skogene»

Kven er vel betre til å gi innsidetips enn dei som står i frontlinja i norsk bokbransje? Kvar veke presenterer BOK365 bokanbefalingar frå bokhandlarar over det ganske land.

Liv Randi Djupvik Knotten, butikkleiar hos Norli i Ulsteinvik, er blant dei som har latt seg imponere av Abid Rajas historie i Min skyld, men det er ein trilogiklassikar frå 30-talet, som tok pusten frå bokhandlaren.

Kva for bøker anbefaler du for tida?

– Av backlist til vaksne går det ofte i Og bakom synger skogene, trilogien til Trygve Gulbranssen, Der krepsene synger av Delia Owens, Koke bjørn av Mikael Niemi, Mirakelbarnet av Ted Dekker og Bill Bright, Mormor danset i regnet av Trude Teige og Hengte hunder av Jens Henrik Jensen. Av årets titlar er det Morfar pustet med havet av Trude Teige, 304 dager av Simon Stranger, Min skyld av Abid Raja og Grenseløs av Jørn Lier Horst.

– Kva for bok ser du mest fram til i haust?

– Eg håpar Mirakelmannen, som er oppfylgjaren til Mirakelbarnet av Ted Dekker og Bill Bright, kjem ut i november. Den skal eg lese! Mirakelbarnet fanga meg heilt inn då eg las den i 2008 på ein lugar om bord i Kielferga etter ei lita bokmesse. Eg blei liggande å lese til det var på tide å stå opp til frukost neste dag. Og så er eg litt barnsleg av meg, og gler meg veldig til lanseringa av Villsvinsjampo av Catarina Andersson i byrjinga av november.

Kva for bok er den beste du har lest så langt i år?

– Eg las Bjørndaltrilogien (Og bakom synger skogene, Det blåser fra Dauingfjell og Ingen vei går utenom av Trygve Gulbranssen) i sommarferien. Eg angrar på at eg ikkje visste om denne tidlegare! Den tok pusten frå meg, den romma så mykje i kvar setning og fekk meg som lesar til å kjenne det som om eg var midt i handlinga. Språket var noko gamalt, men slett ikkje vanskeleg å forstå. Har du ikkje lest den, bør du skaffe deg eit eksemplar i dag.

– Av årets bøker er det Min skyld av Abid Raja som har gjort sterkast inntrykk, og han er slett ingen andrerangs forfattar. Her er ein klar kandidat til Bokhandlarprisen! Eg synest det er heilt utruleg at det er mogleg å vere fødd på eit sjukehus i Noreg og så falle heilt utanfor oppfølging frå helsevesenet. Det skar meg i hjartet dess meir eg las, og då særleg mot slutten av boka. Ei viktig bok å lese i år. Eg ynskjer alle lesarar av Bok365 ein knakande god lesehaust!