Debut med Gnu

Hun debuterer med en diktsamling hvor ulike mytologier befinner seg side om side.

Debutant: Solveig Mette Tjeltveit

Debuterer med: Noo Gode Gnu – songar for menneske og dyr

Sjanger: Lyrikk

Forlag: Samlaget

Bokens tre første setninger:

1 hòvane renn

gjennom gnu-landet

frå drønn av torevér mot

lukt av våt jord

2 sett frå himmelen Gnu   er du

eit springande punkt

sett frå himmelen Gnu

byrjar alle omgrep her   alle ting

greinar seg ut frå Gnu   3 han er Far   Mor

Syster   han er Bror   lovar nyspirt gras å beite

når Kalven fyrste gong som eit spøkelse   spring

over jorda

Skjermbilde 2015-08-04 kl. 22.00.45Fortell kort om boken din:

Noo gode Gnu er ein diktsyklus beståande av enkelt tekstar bundne saman formelt med versenummer. Noo er lyden Gnu utstøyter og samstundes swahili for Gnu. Å skrive poesi vart det same som å gå inn i Gnu.

 

Hvordan fikk du ideen til denne boken?

Ideen kom medan eg skreiv, og endra seg gjennom skrivinga. Gnu kom fyrst tråvande inn frå sida for tre år sida, og overtok eit roman-manus eg hadde strevd med lenge. Eg var då student ved påbyggingskurset på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Det var ei stor lette og befriing å kaste romanmanuset og gå inn i det poetiske språket.

 

Hva var det første du gjorde da du ble antatt?

Vi hadde middagsgjester då eg fekk mailen med ein så god melding, og eg greidde å halda det hemmelig ei god stund. Fint å halde på den spennande tanken at manuset mitt etterkvart kunne bli bok.

Hva tenker du om forlaget du debuterer på?

Eg er takksam for at dei ville gå vidare med teksten min, og glad for å få gi ut på eit nynorsk forlag. Det er jo nynorsk som er hjartespråket mitt.

Hva skal du bedrive sommeren med mens du venter på høstens utgivelse?

Eg skal ha ein roleg sommar, lesa Ann Jäderlund og Emily Dickinson sin poesi om att og om att. Medan eg leitar etter eit nytt skriveområde vil eg helst bu i telt, bada og arbeida i parsellhagen.

Hva har vært viktigst for din skriving?

Fyrst og fremst å skriva så direkte som mogleg, trur eg, og å fylgja den rytmen som eg kjenner at diktet vil ha.

Ditt norske forfatterforbilde og hvorfor?

Om eg må velga ein så er det Jon Fosse. Det er mest for stort å forsøka å uttrykka kvifor, men i stikkordsform er det vel ei oppleving av den store himmelen i og over tekstane hans, det poetiske reine i språket, rykka og forskyvningane, så inderleg. Melancholia var fyrste boka eg las av Fosse. Det var ei sjeldan sterk leseoppleving for meg.

Hvor ser du deg selv som forfatter om ti år?

Om ti år er eg forhåpentleg fortsatt lesande og skrivande.