Bokbåt-legende skal styre skuta vidare

NY STYRELEIAR: Ruth Ørnholt

Ruth Ørnholt er den fyrste styreleiaren i Stiftinga Litteraturbåten Epos. Medvinden fortset med dette for Epos.

Ørnholt har vore fylkesbiblioteksjef i Hordaland sidan 2002, og har lang og engasjert erfaring som organisasjonsmenneske innan biblioteksektoren. Idet ho no går av med pensjon, tek ho no roret som styreleiar for Litteraturbåten. Ho har også vore ansvarleg for Bokbåten Epos i Hordaland i mange år, og kjenner Epos inn og ut.

– Dette blir utruleg spennande, og eit verv eg tek på meg med stor glede. Det er veldig mange som heiar på Litteraturbåten, og me har store ambisjonar for kva me kan få til, seier Ørnholt.

Bokbåten Epos (foto: Inga Moen Danielsen)

Det nye styret for litteraturbåten sit til saman på nær 200 år med erfaring frå kultur- og litteraturlivet på Vestlandet, og Litteraturbåten kunne ikkje fått eit betre startlag enn dette.

Styret i Litteraturbåten Epos

Ruth Ørnholt (tidlegare fylkesbibliotekar)
Marit Aakre Tennø (styreleiar Bokbyen)
Trond Leirvik Onarheim (festivalkoordinator Falturiltu)
Geir Netland (leiar Olav H. Hauge-senteret)
Henriette Tøssebro (advokat)
Stig Holmås (forfattar og bokbåtaktivist)
Olav Steinar Namtvedt (Alver kommune)

Ørnholt er svært nøgd med styret ho skal leie:

– Her har me eit stjernelag av litteraturkompetanse, og det kunne ikkje vore ei betre gruppe som skulle jobbe for å få litteraturbåten til å lukkast.

Litteraturorganisasjonen Tekstallianse står bak

Stiftinga Litteraturbåten Epos vart stifta av den regionale litteraturorganisasjonen Tekstallianse våren 2022. I midten av juni tiltredde dagleg leiar Maria Pile Svåsand.

Litteraturbåten Epos skal inspirere til auka interesse for litteratur, saksprosa og kritikk, og ha særskilt fokus på nynorsk. Båten vil gå over heile vestlandet.

Stiftinga skal gjennom aktivitetar i båten – som seminar, debattar, opplesingar, konsertar, utstillingar, skule- og barnehagebesøk, skrivekurs og liknande – inspirere til auka interesse for norsk og internasjonal skjønnlitteratur, sakprosa og kritikk, med eit særleg auge for det nynorske skriftspråket.

Spesialbygd til å vere bokbåt

Stiftinga skal med litteraturbåten skape ein møteplass i distrikta på Vestlandet som skal fremje interesse for litteratur, ordskifte og lokal historie, i tillegg til å vere ein arena for alle kultur- og kunstuttrykk. Stiftinga skal arbeide for å styrke lokalt samarbeid om aktivitetar knytte til litteratur, kultur og historie, og bidra til erfaringsutveksling og kompetanseheving på Vestlandet.

M/S Epos er spesialbygd til å vere bokbåt, og har sidan 1963 gått i bokfart langs vestlandskysten. Den var tidlegare finansiert gjennom fylkesbiblioteka, men opererer no som eiga stifting som litteraturbåt.