Tiller: Blå-dyster og god

"Eg kjende at eg lengta etter eit samanbrot, men eg visste at det var for mykje å håpe på, det låg ikkje for meg å bryte saman". Slik fortel hovudpersonen Terje at han tenkte, kort tid før han styrde bilen inn i eit møtande vogntog. Frå sitt limbus i sjukehussenga grev han seg så bakover i livet og lagnaden sin.

Ein månad før krasjet finst det nok teikn til både sosial isolasjon og eit plaga sinn. Terje lever i  usunn symbiose med mor, der den livstrøytte kvardags-samtala er farga av gamle svik. Gjennom høgst spesielle filter skildrar forteljarstemma røynda, seg sjølv og andre. Baklengs går han opp eigne spor, med aukande slark i kronologien går ferda heilt attende til opphavet. Men sjeldan løfter han blikket og speidar etter nye samanhengar, sjeldan prøver han å sjå seg og livet sitt gjennom augo til dei nærmaste, og aldri greier han å forstå at deira smerter er like vonde som hans. Særleg gjeld dette søstera, han skyr og avskyr henne intenst. Ho er eit tidsvitne, ho får gamle sår til å blø berre ved å vera til, men han orkar ikkje ta inn over seg kor like dei er, at hatet handlar mykje om sjølvforakt. Søskena sloss om smuler av ein morskjærleik, og kanskje mot ein felles genetisk disposisjon for depresjon og angst. Begge er varig skada frå barndomen, med flåkjeft og latter møter dei situasjonar der andre folk ville ha gråte, eller kanskje berre teidd stille.

Ufordrageleg

Folk har ofte kalla Terje «hard», han veit det, og lesaren forstår kvifor. Terje oppfører seg som ein sosiopat i mange samanhengar, også i gravferda etter far sin, og i sitt eige bryllaup. Lettkrenkt og ekstremt sjølvsentrert greier han ikkje få fram det gode han vil gjera, men det går lett å straffe andre med hån eller avvising og tagnad. Han er ganske så ufordrageleg, nådelaus, dømande og passiv-aggressiv både som bror, son, byråkrat og kollega. Det finst knapt eit menneske han kan like. Han identifiserer seg heller med dyr, insekt, til og med planter – eller noko som er ingen og alle desse: Slimsoppen, som designar så effektive trådnett at det overgår sjølv ingeniørane bak moderne japanske kollektivtrafikk. Slikt tenkjer Terje på, i staden for å delta i småpraten om det franske tunellbanenettet eller andre tilfeldige tema dummingane kring han kjatrar med kvarandre om.


Carl Frode Tiller:
Begynnelser
roman
Aschehoug
341 sider

Lånte sansar

Heilt frå barneåra lånte han ekstra skarpe sansar av dyra. Han hugsar som ei ugle, han er sommarfuglen som flagrar over lyse sommarenger og smakar på blada med føtene. Ho som skal bli ekskona hans er den einaste han kjenner verkeleg trong til å kommunisere med, han lir sjølv når han ikkje greier å uttrykke anger, ei orsaking eller kjærleik. «Eg drømte at eg henta setningar frå ein stad eg kalla tankanes utmark. At eg bar heim setningar, omtrent slik ein ber ved,» får vi vite, rett før han kuttar henne ut av livet sitt med berre klisjéar som forklåring.

Men romanteksten er heilt fri for klisjéar, spenningsbobler og andre påklistra verkemiddel. Den er ikkje teatral, sjølv om forteljinga først vart presentert frå scena. Det er imponerande korleis Tiller smir og vrengjer, filer og herdar for å skape eit språk som kan skildre alt hovudpersonen manglar ord for. Nynorsken kling godt i lag med dialektprega vendingar. Som tittelen ber bod om, legg Tiller seg tett mot bokmålet, no som før,  med ordval som ristelsen, følelsen, mulegheita, gjorde meg oppmerksam på. Forfattaren er meir gjerrig med adjektiva no enn då han let ei samling røyster skildre sin fråverande hovudperson i Innsirkling-trilogien, og nesten strikt dersom ein samanliknar med den første ganske burleske romanen Skråninga frå 2001. Dette kler hovudpersonen, som jo helst vil stryke alt som triggar sterke kjensler.

Forbanna arv

Den vesle, lubne dottera er den einaste Terje korkje ønskjer eller greier å halde distanse frå. Henne vil han halde auge med, verne og spare. Ho er i ferd med å utvikle like lange og skjelvande sosiale følehorn, han kjenner att utanforskapen, veneløysa, det alltid vaktande og urolege i blikket når konflikter og krangel ligg og ulmar. Så far finn ein slags avleiingstaktikk, ved å mobbe kelneren på ein kinesisk restaurant vil han bryte den familiære misstemninga, og ser ikkje at avleiingsmanøvrane hans ofte gjer alt verre for barnet. Desse scenene med mor-far-dotter er kanskje dei mest skakande i romanen, sjølv om skildringane frå ungdom og barndom er både meir sjokkerande og breiare utpensla. Relasjonen til veslejenta både speglar og mildnar portrettet av Terje, møta deira er både finvevde og heilstøypte, lag blir lagt på lag, og forfattar Tiller fyller kvar einaste setning med nerve og tyngd. Det siste møtet er uforgløymeleg skildra.

RYSTAR OG MORER: Carl Frode Tiller (Foto: Akam1k3 / Aschehoug)

 

Slutt på begynnelsene

Separasjonen frå kona er kanskje begynnelsen på den sjølvvalde slutten, men like mykje slutten på det som ein gong var ein ny begynnelse, hans truleg einaste sjanse til kjærleik. Men heilt til det siste har Terje tilsynelatande også att noko å leva for; dottera er ikkje heilt borte. Han finn lenge også ei viss glede i jobben sin hjå Fylkesmannen, der han kjempar for å redde trua artar. Sjølv om han ikkje er populær korkje i fagmiljøet eller når han er ute i marka på verneoppdrag, kjenner han smaken av å ha kontroll og makt. Kor meiningsfull oppgåva hans er, har han lenge helst unngått å reflektere over. Det er jo betre å vera «byråkratiets Noa» og kjempe for å berge den siste elvemuslingen, enn å ta inn over seg at heile kloden kanskje er døden nær.

Rystar – og morer

Dette er likevel ikkje ein heilsvart roman. Blå-dyster, kanskje, men ofte med ein gneistrande dobbelt-ironi som både morer og rystar denne lesaren. Bipersonane kallar fram lune smil, og skildringar av det ein kan kalle nedre trønderske arbeidarklasse er gjort med både skeivt smil og varmt hjarte. Etter flittig lesing av kjelder som forskning.no, forvaltningsplanar og utredningar frå fylkesmenn og direktorat, kan forfattar Tiller by på herlige godbitar for oss med interesse for natur, naturens kuriositetar, og overraskande fakta. Denne lesaren deler kanskje skremmande mykje av nerde-interessa hovudpersonen eig, og finn då mykje humor i spissa samanstillingar og leik med fakta. Ja, det svingar når Terje dreg i gang om eit favoritt-tema, det er berre å henge med og klamre seg fast, for hovudpersonen er like omskifteleg som dei sosiale kastevindane han let seg påvirke av.

 

MAY GRETHE LERUM