Bokbåten Epos er kåra til Årets bibliotek i fylket.
Bokbåten Epos stakk av med prisen for Årets bibliotek i Hordaland. Prisen vert delt ut av Norsk Bibliotekforening, avdeling Hordaland.
I grunngjevinga står det m.a. «Vinner er et bibliotek som berører mange av kommunene i fylket vårt. Det har feiret noen jubileer. Det har vært truet av nedlegging, men er kjempet inn på budsjettene igjen etter stor faglig og folkelig innsats. Bokbåten Epos er unikt i verdenssammenheng.»
«Auka interesse»
Vidare heiter det: «Det flytande biblioteket blei etablert i Hordaland i 1959. Samarbeidet med Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane starta i 1963 då Epos blei bygd for føremålet. Bokbåten har blitt modernisert og tilpassa bibliotektilboda i kommunane i dei 55 åra tilbodet har eksistert. Interessa har auka i Hordaland dei siste åra. Det er etablert nye stopp, det er svært godt besøk, høge utlån og mykje mediedekning på kvar tur. Bokbåten «Epos» er ein kjent og kjær kulturinstitusjon langs Vestlandskysten. Tenesta medverkar til eit positivt omdøme, og er ein ambassadør for fylkeskommunen, fylket og Norge.»
Glede og entusiasme
Bokbåten besøkjer 22 av dei 33 kommunane i fylket vårt. Mange av biblioteksjefane i desse kommunane var til stades under prisutdelinga, tildelinga var derfor møtt med glede og entusiasme.
Fylkesdirektør for kultur og idrett, Anna Elisa Tryti, tok i mot prisen for Hordaland fylkeskommune.