Agnes Ravatn

Date med Per Waglen? Ja takk!

Forfatter: Agnes Ravatn (30)

Aktuell med: Fugletribunalet, Samlaget.

NRK-kjendis Allis Hagtorn tar seg jobb som hushjelp og gartnar for ein fåmælt mann på ein avsidesliggande eigedom etter ein offentleg skandale. Dei ber på kvar sine løyndomar, og nærmar seg sakte kvarandre ved hjelp av vaklevoren kommunikasjon og vin.

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

Tanken på denne unge kvinna som troppa opp på sin første arbeidsdag som gartnar – eit arbeid ho ikkje akkurat er overkvalifisert for – slapp aldri taket. Eg måtte finne ut kvifor ho er der, og kva det er arbeidsgjevaren hennar skjuler på arbeidsrommet sitt.

Tre favoritter:

Rønnaug Kleiva: Fangeteneste. Ingen norsk forfattar skriv meir illusjonslaust, korthogd og samtidig oppløftande om dei grunnleggande bestanddelane i tilveret: attrå, forfall og død.

Tarjei Vesaas: Fuglane. Eit humanistisk meisterverk, som fortel kva ein sivilisasjon mistar dersom ein begynner å fire på vernet av dei som fell utanfor.

Dag Solstad: Ellevte roman, bok atten. På grunn av plakaten med den raude Ferrarien som Peter Korpi Hansen heng opp på rommet sitt.

Uslipt diamant: 

Nina Lykke: Oppløsningstendenser (Oktober, 2013). Lykke skriv briljant og urovekkande om korleis alt det som held livet oppe brått kan rase saman.

Sist leste bok

Trude Marstein: Hjem til meg. Boka kom i fjor, og Marstein er ein av mine favorittforfattarar, men eg har av uforklarlege årsaker likevel ikkje fått lese denne før no. Romanen er glimrande, attkjenneleg som alltid hos Marstein, mulegens hennar beste. Marstein skriv berre betre og betre.

Hvordan jobber du?

Det startar som regel med eit bilete av ein person i ein eller annan situasjon. Noko som gjer meg nysgjerrig nok til at eg må finne ut kva personen har gjort for å hamne der. Eg lager aldri først historia, for så å skrive henne ut. Eg kan ikkje skjønne anna enn at det må vere ufatteleg kjedeleg. Eg vil ikkje på førehand vite kva som ventar rundt neste sving, eg vil oppdage det sjølv. Drivkrafta mi er nysgjerrigheita, trykket, det å nærme seg noko farleg.

Heime skriv eg litt, tenker, noterer, alltid i kombinasjon med anna arbeid. Når eg har tenkt og notert lenge nok, reiser eg til utlandet ein tre-fire veker for å berre arbeide med bokprosjektet, utan noko som helst andre distraksjonar eller plikter. Dette gjentar seg i så mange omgangar som det er nødvendig.

Eg er blitt meir disiplinert med åra. Stenger av internett, og legg telefonen i eit anna rom. Stirer du lenge nok inn i ein tom vegg eller ein tom skjerm, utan å sjekke nettaviser undervegs, så kjem det alltid noko til slutt.

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med? 

Utvilsamt videohandlar Per Waglen, kjend frå Sveve over vatna og Dr. Munks testamente.

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Det blir naturlegvis Jon Fosse, verdsdramatikaren som helst ville vore landpostbud.

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

For forfattarar er sosiale medier openbart kolera og lungepest, iallfall dersom ein i utgangspunktet slit med dårleg sjølvdisiplin. Og kven av oss gjer vel ikkje det?

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

For alle forfattarar som sit fast og treng inspirasjon, kan denne mannen kanskje gi litt kveik.

På bar med Knausgård eller middag med Dag Solstad?

Ikkje for å skryte, gud forby, men no er eg altså i den privilegerte posisjonen at eg alt har opplevd begge deler. Eg svarer utvilsamt middag med Solstad, rett og slett fordi det er større sjans for å hugse noko frå ein middag enn frå eit barbesøk.