27 millionar til leselyst

Nasjonalbiblioteket fordeler no 27 millionar kroner til bibliotek og andre institusjonar som skal formidle leseglede i Bokåret 2019.

Nasjonalbiblioteket fordeler no 27 millionar kroner til bibliotek og andre institusjonar som skal formidle leseglede i Bokåret 2019. Heile 500 bibliotek får støtte til å gjennomføre til saman 1 500 arrangement i bokåret.

– Med det store bokåret satsar vi på tiltak som styrkjer leselysta og lesegleda. Gjennom heile 2019 skal arrangement og prosjekt skape entusiasme og iver for lesing over heile Noreg. Det store engasjementet Nasjonalbiblioteket opplever tyder på at vi går eit spennande bokår i møte, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Entusiasme og kreativitet

Nasjonalbiblioteket fekk inn søknadar for nær 70 millionar kroner til ulike lesetiltak.

– Den store søkjarmassen viser at det er stor interesse for bokåret, og søknadane syner at det er stor entusiasme og kreativitet i arbeidet med å fremje leseglede i Noreg. Dette lovar godt for bokåret, seier prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Guldbrandsen.

15 millionar til bibliotek

15 millionar av dei tildelte midla går til folke- og fylkesbibliotek over heile landet, medan 12 millionar går til leseorganisasjonar, litteraturinstitusjonar og andre som ynskjer å markere bokåret. Prosjekta som får støtte skal skape interesse og begeistring for bøker, litteratur og lesing.

Planane om Bokåret 2019 blei lagde fram av kulturminister Trine Skei Grande tidlegare i år. Alt i alt skal Nasjonalbiblioteket løyve 30 millionar til arrangement og leselystprosjekt i bokåret, som vil starte med høgtlesing over heile Noreg i midten av januar.

 

PENGEDRYSS: Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre flankert av kulturminister Trine Skei Grande og prosjektleiar Liv Gulbrandsen.