Kvar femte bok er på engelsk – kva gjer vi med det?

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Noregs Mållag)

ENGELSKDEBATT: Eg vil takke Anders Neraal for å ha sett lys på eit spørsmål som både målrørsla og språkpolitikken burde vere meir opptekne av: Det massive innsiget av engelskspråklege bøker til den norske bokmarknaden – og alt det vi ikkje veit om utviklinga.

Når ein femtedel av bøkene som blir selde i Noreg er på engelsk, bør alle som er opptekne av det norske språket heve augebryna. Nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar har felles interesser her.

Vi i Noregs Mållag deler uroa. Når stadig fleire les på engelsk, trass i at forsking viser at folk helst les på morsmålet sitt, må vi stille dei rette spørsmåla. Kvifor vel lesarar engelsk? Og kva kunne vi gjort annleis for å styrkje norsk?

Eit svar er opplagt: Mange av dei engelske bøkene – særleg innan ungdoms- og fantasisegmentet – kjem rett og slett ikkje på norsk. Og når dei først gjer det, kjem dei ofte for seint. Det har vi ikkje råd til. Vi treng meir og raskare omsetjing av populærlitteratur – ikkje berre til bokmål, men også til nynorsk. Her har målrørsla lenge kjempa for ei eiga innkjøpsordning for omsette barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Det handlar ikkje berre om språkleg mangfald, men om å gje dei unge tilgang til litteratur dei faktisk vil lese – på sitt eige språk.

Vi treng òg ei skjerpa boklov som vernar den norske bokmarknaden – og språkleg jamstilling – i ein digital og internasjonal kvardag. Trond Vernegg frå Riksmålsforbundet peikar heilt rett på at også forlag og bokbransje må ta større ansvar. Det held ikkje å vente på tiltak frå målrørsla, staten eller marknaden. Dei som tener pengar på språk og litteratur har òg eit ansvar for å sikre at dei norske språka overlever som levande lesespråk.

Vi i Noregs Mållag meiner kampen mot domenetap ikkje kan vinnast med moralistiske peikefingrar eller tollmurar åleine. Vi må skape meir norsk språk – av høg kvalitet – på alle område av samfunnet. Og vi må gjere det lettare å vere nynorskbrukar – også for dei som vil lese fantasi, TikTok-bøker eller krim på fredagskvelden.

PEDER LOFNES HAUGE
Leiar i Noregs Mållag