LYRISK: – Gjennom heile livet har eg hatt eit uroleg sinn. Tenkt, tvilt og skapt stress for meg sjølv, sier Bonniers første diktdebutant, sauebonden Anne Rivenes.
– Gjennom heile livet har eg hatt eit uroleg sinn. Tenkt, tvilt og skapt stress for meg sjølv. Men så starta eg å øve på å vere meir til stades, både i gjeremål, samtalar og pausar. Då vart eg klar over kor livsviktig naturen er for meg, for å klarne tankane og lade ny energi – og for å gje oss menneske alt me treng, fortel forfattar Anne Rivenes i ei melding frå forlaget. Ho debuterer denne uka med boka Nåden. Nærleiken til naturen og dyra er berginga også for hovudpersonen i boka, Marta.
Inspirert av ei ekte kvinne
Nåden handlar om Marta, som mister mor si som lita og veks opp hjå slektningar på Vestlandet. Ho må tidleg lære å vere til nytte. Gjennom arbeidet med dyra finn ho glede og meining, og i naturen rundt seg opplever ho skiftingane som ho også kan kjenna i eige sinn. Årssyklusen og det yrande livet på ein gard er eit bakteppe i boka, som er inspirert av ei kvinne Anne kjente i oppveksten. Forfattaren seier ho no vil heidre Marta med det episke langdiktet.
Fleire fellestrekk mellom forfattar og hovudperson
Gjennom arbeidet som sauebonde på Voss, kjem Anne Rivenes sjølv tett på dyr og natur. Kvar morgon tek ho fjøsstellet hos dei 70 sauene sine, og ein luftetur med gjetarhunden. Om våren er det travle veker med lamming, og om hausten skal sauene sankast heim frå fjellbeite.
For Anne sin del har yoga vore ein nøkkel til å finne indre ro. Ho utdanna seg til yogalærar i vaksen alder. Etter mange år som journalist i lokalavisa Hordaland, valde ho frilanslivet som er enklare å kombinere med gardsdrift.
– Yoga har lært meg mykje om mental trening, bevisstheit og evne til å stå i krevjande situasjonar. Gjennom pusten kan me påverka korleis me har det både fysisk og psykisk. Målet med yoga er «å stilne sinnets flakking», og å kunne kvile i din sanne natur.
– Mange kjenner seg ikkje gode nok
I Nåden skriv Rivenes om å finna «nåde for strid i eigen hug», noko ho trur mange i dag strevar med.
– Folk lengtar etter indre ro, å høyra til og kjenna seg trygg. Den lengten hadde Marta også. Ho opplevde å vere på litt utsida, og at ho måtte vere nyttig for å gjere seg fortent til sin plass. Det har også forfattaren kjent på. Kanskje kom forventingane utanfrå, kanskje var det berre i eige hovud.
– I vårt prestasjonsorienterte samfunn er det vanleg å måle sin verdi ut i frå kva me klarar å prestere, heller enn kven me er og kva verdiar me står for. Mange kjenner seg ikkje gode nok, seier ho.
«Nåden er: at være»
Boka Nåden startar med ei strofe frå Johannes Møllehave sin danske salme: Nåden er din dagligdag, hverdagen, det nære. Mennesker at leve med, nåden er: at være.
– Det er det heile boka mi handlar om. Å finne nåde, å finne glede i kvardagen og menneska rundt oss, i arbeidet og i det å berre vere. Å vere gode nok akkurat slik me er. Akkurat her og no.