– Ver litt galen

BOKAKTUELL: Malene Vilnes-Bakke. (foto: Tord F. Paulsen)

Kanskje er det nettopp «litt galen» Malene Vilnes-Bakke har vore, ved å skrive boka «Når den du saknar mest er deg sjølv».

Ho har stått bak nokre av dei største norske salsuksessane dei siste åra som redaktør i Frisk forlag – blant dei Trond Viggo Torgersens Kroppen for voksne. No hoppar Malene Vilnes-Bakke ned frå redaktørkrakken for sjølv å vera forfattar, med boka Når den du saknar mest er deg sjølv – med undertittelen «24 råd om å eige livet og finne din indre rebell». Som det heiter i salteksten:

«Kjenner du på følelsen av å ikkje eige livet ditt? Tenker du at du må prestere for å ha verdi? Er du sliten, stressa eller nedfor? Føler du deg innestengd og lurer på kven du eigentleg er? Mest sannsynleg drøymer du om å leve litt meir.»

Sit som hand i hanske

– Du kastar deg ut i ein litt «belasta» sjølvhjelp-sjanger? Kvifor vart det akkurat denne boka?

– Eg hadde lenge eit plott som dette i hovudet, og tenkte mykje på å bruke det i ein roman eller i eit manus for TV eller film. Men grunnen til at eg landa på sakprosa, er at eg meiner vi må tørre å skrive om ekte hendingar utan å pakke det inn og plassere det i fiksjon-kategorien. Eg kunne gjort som mange andre; skrive om mitt eige liv og kalla det for skjønnlitteratur, men eg vil snu sakprosa litt på hovudet og vise at fiktive grep sit som hand i hanske saman med sakprosa, og at også denne litteraturen kan toppe bestseljarlistene. Vi snakkar mykje om det å tørre å vere både ærlege, sårbare og ekte i dag, og det er nettopp det eg er i denne boka. Derfor sakprosa. Håpar fleire vil ta etter!

– Kva har du sjølv ønskt å gjera annleis med boka di? Er det nokon bokutgivingar, uavhengig av sjanger, du har late deg inspirera av?

– For meg har det aller viktigaste vore lesaropplevinga. Eg har utfordra sakprosamalen og brukt mange fiktive grep, med god støtte frå min fabelaktige redaktør Kathrine Vigdel. Eg valgte også bevisst nynorsk, og jobba tett saman med språkvaskar Hilde Strømsnes i Totaltekst. Ho fekk i oppgåve å sørge for at nynorsken er så moderne som mogeleg, og eg synes resultatet er nydeleg. Nynorsk er det beste språket å formidle følelsar på, meiner eg, og eg ville vise at moderne nynorsk får teksten til å flyte og “synge” på ein særeigen måte. Mi favorittbok heiter La meg synge deg stille sanger, og er skriven av Linda Olsson. Det er stemninga i denne boka eg har hatt med meg når eg har jobba med stemninga i delar av mi eiga bok. Dei første tilbakemeldingane frå bokhandlarar er på veg inn, og viser at eg treff på det eg ønsker, det er mykje “wow” over at følelsane blir forklart på ein betre måte enn dei har lese før, og at eg har treffe ei nerve. Det tenker eg er på grunn av kombinasjonen sakprosa og roman i skjønn foreining, seier Malene Vilnes-Bakke til BOK365.

Strategisk grep

– Kva har vore det mest krevjande i arbeidet med boka?

«Innesperra» (Ill. Hanne Løvdal)

– At eg har dokumentert reisa mi frå å føle meg sliten og innestengt, til å ha det betre ein nokon sinne, medan eg har vore midt oppi det. Det har kravd enormt mykje å gå inn i ein så krevjande mental prosess som det har vore å i utgangspunktet ta tak i livet slik eg har gjort, og samtidig skulle skrive om kva eg opplevde. Det har kravd at eg måtte prosessere erfaringar ganske kjapt, og så har eg måtte klare å gjere mine eigne nyoppdaga erfaringar om til inspirasjon og en litterær oppleving for andre. Eg har brukt mykje tid og krefter på å skape ei historie som skal vere ein oppleving i seg sjølv, og på å få språket til å skine.

– Du bruker to godt vaksne damer – Astrid og besta – i boka?

– Astrid er ei av dei gamle damene eg brukar som mentor i boka, og grunnen til at ho er med er todelt. For det første er Astrid eit godt litterært grep, som like gjerne kunne vore ein fiktiv karakter. Målet er igjen å skape ein herleg lesaroppleving. Ved å bruke både Astrid og besta får eg også tatt lesaren med inn i mine eigne minner og får ein grunn til å fortelja ei historie eg lenge har hatt lyst til å fortelja.  Samtidig meiner eg heilt oppriktig at vi må tørre å stole på at livsvisdom kan vere eit ledd i å behandle det mange av oss blir sjuke av no til dags: vi er utbrente, vi får ikkje puste, vi seier ikkje frå, vi er flinke og pliktoppfyllande og set enorme krav til oss sjølve. Vi har gløymt kven vi er, kva vi liker og kven vi har det bra saman med. Vi lar oss fange i det vi trur er det (kritiske) biletet andre har av oss, og slik blir dei gamle damenes kloke råd, trygge femn og sprudlande haldning til livet ein tydeleg kontrast til det eg sjølv sleit med. Og: lister fungerer alltid godt – det må vi heller ikkje gløyme. Det var sånn sett også eit strategisk grep; å basere boka på ei liste med livsforsett, gitt meg av dei gamle damene.

Legg sjela mi ned i det

– Du har sjølv fartstid i forlag, og erfaring med nokre publikumstreffarar. Skapar det eit ekstra press, når du no kjem med di eiga bok?

– Vi er avhengige av at alle bøkene vi gir ut lykkes, så her er presset nesten mindre, sidan eg føler enormt ansvar for forfattarane våre og bøkene vi skaper saman.  Eg legg alltid sjela mi ned i det eg arbeider med, og kjenner også andre sine bøker på kroppen.

– Kva nytte har du hatt av di eiga redaktørerfaring?

– Eg har absolutt hatt nytte av mi eiga redaktørerfaring, eg kjenner jo godt til alle fasane forfattaren går igjennom, og ikkje minst veit eg mykje om kor ein enorm prosess det er å skrive og gi ut ei bok. Det var nyttig å vere klar over. Og så klart er det ein fordel å vite litt om korleis ein byggjer opp dei beste lesaropplevingane!

MALENE VILNES-BAKKE: – Vi har gløymt kven vi er, kva vi liker og kven vi har det bra saman med. (foto: Tord F. Paulsen)

– Kva er meistergrepa eller suksessoppskrifta bak bøkene du har jobba med i Frisk og kva er fallgruvene?

– Det aller viktigaste er at forfattaren tar eigarskap til boka si. I Frisk er vi veldig opptatt av tydelege bodskap og tydelege konsept. Då må forfattaren vere ein truverdig avsendar av dette. I tillegg arbeider vi så tett i teamet I Frisk at vi lærer mykje av til dømes marknadsføring og PR, som vi kan ta med oss inn i nye prosjekt. Vi bruker mykje tid på å finne gode titlar og på konseptutvikling. Det må vere noko av suksessoppskrifta. Fallgruvene er tilsvarande å køyra på med det som til dømes er ein kjent profil og ta for gitt at det er nok. Å ikkje tenke frå lesaren sitt perspektiv og gløyme det viktige i å tenke målgruppe frå start av.

«Kan eg finne noko saftigare?»

– Kva er dei viktigaste grepa du lærer forfattarane – og kva er det viktigaste du sjølv har lært?

«Maskefall» (Ill. Hanne Løvdal)

– Eg håpar også at eg klarer å nå inn til forfattarane med at dei må tørre meir. Spesielt når det kjem til å dele av seg sjølv, eller – og spesielt når det gjeld fagpersonar: å lausrive seg frå akademia. Her er det ein del jobb av og til, og det forstår eg: til og med landets fremste ekspertar på sitt område er redde for kva andre ekspertar skal meine om det dei skriv. Eit viktig grep er å rettleia dei med trygg og stødig hand til å skrive på ein lettfatteleg og god måte. By på seg og kunnskapen sin. Tørre å stole på seg sjølv, seier Malene Vilnes, og legg til: – Når det kjem til sjølve skrivinga har eg med meg ein viktig lærdom frå mi fartstid som journalist: det finst ikkje dumme spørsmål. Her går eg ofte inn med hud og hår; for om ikkje eg forstår kva du skriv, er det rimeleg stor sannsyn for at ikkje lesaren forstår det heller. Eg er også glad i øvinga “show don’t tell”! Fram med verba, skriv levande, engasjer og skap god flyt. Dette er nok det grepet eg har lært mest av og tatt med i mi eiga skriving: kan dette seiast på ein anna måte? Kan eg finne noko saftigare? Ei overraskande setning? Eg elskar å skrive, det håpar eg at smittar over på forfattarane også: at eg er oppriktig interessert i at teksten deira skal bli så god som mogleg.

– Viss du skal velja blant dine 24 råd i boka – kva er dei aller viktigaste?

– Elsk. Ta vare på gode vener, og drit i dei som ikkje vil deg vel. Ver litt galen. Nyt naturen. Drikk kaffi med ei gamal dame og lytt til kva ho har å seie.