Vanskeleg å vere styrtrik

– For å finne ut korleis det er å vere rik, måtte eg skrive om Frank og Mor som vinn sjukt mykje pengar, fortel Arnfinn Kolerud.

Arnfinn Kolerud (f.1968) kjem frå Romsdal, men bur på Flatraket i Nordfjord. Han skriv for både barn og vaksne og har fått fleire prisar for bøkene sine. Han debuterte i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem… (Samlaget) Denne hausten er han aktuel med Snillionen (Cappelen Damm).

 

 

Forfatter: Arnfinn Kolerud

Aktuell med: Snillionen (Cappelen Damm)

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

Eg fylte ut tippekupongar i mange år utan å vinne. For å finne ut korleis det er å vere rik, måtte eg skrive om Frank og Mor som vinn sjukt mykje pengar. Eg var spent på kva som ville skje med dei, og korleis folk rundt dei reagerte, og om dei ville bruke eller misbruke pengane.

Tre barnebok-favoritter:

Eg sit i vurderingsutvalet og les hundre norske barnebøker i året, så eg får nye favorittar heile tida. Alice svømmer ikke av Torun Lian kom i fjor. Bjørn Ingvaldsen er nominert til Nordisk Råd for Far din, men boka frå i vår, Lydighetsprøven, er kanskje enda betre. Og Ragnar Aalbu si nye bok På bærtur har god humor i både tekst og bilde.

Sjekk ut:

Et hundeliv av Arne Svingen. Det er bikkja til ein narkoman som fortel. Svingen har jobba godt med perspektivet her.

Hvordan jobber du?

Jamt og trutt, setning for setning, utan plan og plot, på eit leigd kontor, vegg i vegg med nokre austeuropearar som snakkar høgt og steiker mat utan å slå på vifta.

Din egen favorittillustrasjon?

Omslaget til Snillionen, må eg få seie. Irene Marienborg har laga eit godt blikkfang.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Eg rabla over alle sidene i Karius og Baktus da eg var liten. Eg likte nok boka, men var kanskje litt forvirra over om eg skulle like eller mislike hovudpersonane.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

Kanskje denne reven og grisungen som Bjørn F. Rørvik skriv om. Dei har innhaldsrike dagar.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

Hmm, skal vi sjå, nei, eg kjem ikkje på nokon.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

Det skadar ikkje med ein hovudperson som vil noko. Og risikerer noko. Eg vil gjerne ha humor og uventa vendingar.  Språket treng ikkje vere gnistrande, men heller ikkje forslitt.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

Nei til begge.  Det er mange fiffige og underhaldande detaljar i Potter, men eg orkar ikkje alt dette hokus meg her og pokus meg der. Og Pippi gjer alle rundt seg til statistar. Huff, nei, eg går ikkje over sju hav etter vatn.

 

(Hovedfoto: Kristin Oldeide/Cappelen Damm)