Sakprosaforfattar Alfred Fidjestøl blir ny styreleiar i Norsk forfattersentrum. Marit Eikemo er ny nestleiar.
Etter eit digitalt årsmøte er det no klart at Julius- og Per Sivle-biograf Alfred Fidjestøl er ny styreleiar i Norsk Forfattersentrum. Fidjestøl tar med det over etter Mikkel Bugge midt under pandemien som har ført til ein svært usikker situasjon for medlemmene.
Marit Eikemo er ny nestleiar, medan Tharaniga Rajah kjem inn som nytt styremedlem.
Vil satse digitalt
Allereie før koronakrisa vedtok styret ny strategi for Forfattersentrum med utvikling av honorarsatsar og plattformar for digital formidling som hovudsatsingar. Den nybakte styreleiaren vil intensivere arbeidet:
– Korona-situasjonen har vore ein vekkar for oss alle, og har over natta gjort eit usikkert yrke endå usikrare. Norsk Forfattersentrum må arbeide endå hardare enn før med å sikre teknologiske løysingar for smittefri litteraturformidling og for effektive politiske tiltak som kan hjelpe forfattarane gjennom denne krisa, seier Fidjestøl.
Ser fram til å møte medlemmene igjen
Fidjestøl har frå før sete fire år som nestleiar i Forfattersentrum, og er dermed godt førebudd til jobben han skal ta fatt på. Han synest likevel det er rart å ta over som styreleiar på eit digitalt årsmøte.
– Det er sjølvsagt spesielt og vemodig at det ikkje var mogleg å arrangere eit vanleg fysisk årsmøte i år, men eg gler meg til å møte att så mange som mogleg av medlemmene våre når ting blir normale igjen.